Frutigen-Niedersimmental

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frutigen-Niedersimmental (Verwaltungskreis Frutigen-Niedersimmental)
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Bern
Hovudstad Frutigen
Areal 774 km²
Folketal 39 171 (31. desember 2010)
Kommunar 13
Karte Verwaltungskreis Frutigen-Niedersimmental 2010.png

Frutigen-Niedersimmental er eitt av ti distrikt (tysk: Verwaltungskreis) i kantonen Bern i Sveits. Distriktet har ei flatevidd på 774 km² og hadde 39 171 innbyggarar i 2010. Distriktet grensar i sør til kantonen Valais, og har òg ei kort grense i nordvest til kantonen Fribourg. Distriktet høyrer til forvaltningsregionen Oberland.

Distriktet Frutigen-Niedersimmental består av 13 kommunar. Spiez og Frutigen er dei to mest folkerike kommunane. Dei andre kommunane er Adelboden, Aeschi bei Spiez, Därstetten, Diemtigen, Erlenbach im Simmental, Kandergrund, Kandersteg, Krattigen, Oberwil im Simmental, Reichenbach im Kandertal og Wimmis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]