Fyksesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skyssbåten «Peer Gynt» i Fyksesund

Fyksesund er ein fjordarm av Samlafjorden og Hardangerfjorden i Kvam herad. Fjorden strekker seg 10,5 km nordvestover frå innløpet ved grensa mellom Ytre og Indre Samlafjorden.

Fjorden startar mellom Bjelkaneset og Varadaneset rett nord for Kvamsøy. 2 km inn i fjorden ligg grenda Fykse, som fjorden er kalla opp etter. Her kryssar Fylkesveg 7 fjorden via den om lag 350 meter lang Fyksesundbrua. Vidare inn i fjorden ligg grendene Porsmyr på vestsida og Klyve på austsida, og her smalnar fjorden inn ved Mjåsund. Inst i Fyksesund ligg Botngrenda med gardane Botnen, Flatabø og Skåro. Den indre delen av fjorden, frå Mjåsund og innover, har særs bratte og høge sider. Vestsida stig 900 meter rett opp og like innforbi ligg Manfjellet på 1262 meter over havet.