Göran Persson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Göran Persson

Hans Göran Persson (fødd 20. januar 1949) er ein svensk politikar. Frå mars 1996 til 6. oktober 2006 var han statsminister i Sverige. Han var partileiar for socialdemokraterna frå 1996 til 2007. Mellom 1985 og 1989 var han ordførar i Katrineholms kommun i Södermanlands län. I 1989 vart han undervisingsminister fram til 1991, då socialdemokraterna tapte valet. Etter at dei kom tilbake til makta i 1994, vart han utnemnd til finansminister, fram til 1996, då han avløyste Ingvar Carlsson som statsminister.

Som politikar er Persson kjend som ein retorisk talar.[1] Han skriv sine eigne talar, og ofte skriv han ikkje talar i det heile teke før han entrar scena. Han er også kjent for den tøffe leiarskapen sin. Som byrådsmedlem i Katrineholms kommun fekk han kallenamnet «HSB» – ‘han som bestämmer’.[2] Kallenamnet viser elles til bustadføretaket Hyresgästernas sparkasse- och byggnadsförening.

Göran Persson fekk den internasjonale miljøutmerkinga Sofie-prisen i 2007 for kamp mot klimakrisa gjennom politiske miljøtiltak i Sverige.[3] Sidan 2007 har Persson arbeidd som senior advisor for det nordiske kommunikasjonsrådgjevingsføretaket JKL Group.

Persson er gift med Anitra Steen, som tidlegare var direktør i Systembolaget.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Startet valgkamp med MidtøstenDagsavisen.no.
  2. «Perssons grepp blir allt hårdare» av Tove Nandorf på DN.no (08.01.2006).
  3. Pressemelding: «Sofie-prisen 2007» på Sophieprize.org (15.02.2007).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Göran Persson

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]