GUM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
GUM i Moskva
Innsida av GUM i Moskva

GUM, Gosudarstvennij Universalnij Magazin, (russisk ГУМ, Государственный Универсальный Магазин) er namn på store varehus eller kjøpesenter i mange byar i Russland. Det mest kjende av dei ligg ved Den raude plassen i Moskva. Før 1920-åra var varehuset kjend som «Dei høgare handelsrekkjer».

GUM i Moskva[endre | endre wikiteksten]

Det har vore handel på denne staden sidan 1600-talet. Den noverande bygningen vart ført opp mellom 1890 og 1893 av Aleksander Pomerantsev og Vladimir Sjukhov, og erstatta ein tidlegare bygning frå byrjinga av 1800-talet. Etter den russiske revolusjone i 1917 vart verksemda, som på dette tidspunktet omfatta om lag 1200 butikkar, nasjonalisert. Frå 1928 vart lokala nytta som kontorlokal av ein komité med ansvar for den første femårsplanen til Josef Stalin. I 1932 låg hustrua til Stalin, Nadezjda, på lit-de-parade i bygningen etter sjølvmordet hennar.

I 1953 gjennomgjekk bygningen ei omfattande renovering og vart igjen eit varehus. Etter at Sovjetunionen fall vart GUM privatisert og eigarskapet gjekk kjøpesenterkjeda Perekrjostok. Sidan mai 2005 har halvparten av kjøpesenteret vore eigd av firmaet Bosco di Ciliegi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: GUM

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 55°45′17″N 37°37′17″E