Galatisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Galatisk
( )
Klassifisering: Keltisk
Bruk
Tala i:  
Område: Galatia
Galatisktalande i alt: Utdøydd
Rangering: Utdøydd
Språkkodar
ISO 639-3: xga

Galatisk er eit utdøydd keltisk språk. Det blei bruka i Galatia i Litleasia (nåtidas Tyrkia) frå 200-talet til 400-talet e.Kr.

Det er berre nokre få ord og kommentarar frå klassiske forfattarar og spreidde namn på inskripsjonar som er kjent i dag. Dette er til saman om lag 120 ord, for det meste personnamn som endar på -riks (samanlikn med gallisk -rix/-reix, gammalirsk ri, latin rex) «konge», nokon endingar på -marus, dativ -mari (jfr. gallisk -maros, gammalirsk mor, walisisk mawr) «stor», og stammenamn som Ambitouti (gammalirsk imm- «rundt», gammalirsk tuath «stamme»), og eit leksikonoppslag drunaimeton «samlingsstad» (jfr. gammalirsk drui «druide», «trollmann» eller «diktar» , gammalirsk neimed «heilag stad»). Galatisk høyrer til den kontinentale greina av keltisk og var samtidig med gallisk språk, eventuelt ein variant av det.

Galatia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]