400-talet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
< 400-talet > var prega av folkevandring og barbarinvasjonar i fleire større rike i Afrika, Asia og Europa. Dette var hundreåret då Vestromarriket braut saman, medan det indiske Guptariket blei alvorleg svekka. Skandinavia såg mange småkrigar, og bygdeborger blei brukte. Dette hundreåret var del av jernalderen i mange område i Afrika, Asia og Europa.
Innhaldsliste |
[endre] Verda
[endre] Amerika
Marajoarakulturen tok til på øya Marajo ved utløpet av Amazonaselva. Kulturen blei eit av dei første mektige fyrstedøma i Amazonas mellom 400 og 1300.
Aztekarbyen Teotihuacán hadde rundt 250 000 innbyggjarar i 400, og var under intensiv utbygging.
Nazcakulturen i noverande Peru blomstra rundt 450.
[endre] Afrika
Dei første byane vaks fram sør for Sahara. Djenné-Djenno i noverande Mali vaks til eit handelssenter i regionen. Ein eksporterte matvarer (fisk og korn) og importerte varer som jernmalm og møllesteinar frå nye byar langs den sørlege utkanten av Saharaørkenen. Jernalderfolk busette seg mellom Zambezi og Limpopofloden i dette eller det neste hundreåret. Dei utvikla seinare den utbreidde Zimbabwekulturen.
Kongerika Benin, Ghana, Ife, Mali og Songhai fantest i Vest-Afrika.
- Rundt 450 var høgdepunktet for kongeriket Aksum.
- 415: Kristne fanatikarar torturerte filosofen Hypatia til døde i Alexandria.
- 426: Kyrkjefaren Augustin av Hippo gjorde ferdig hovudverket sitt, De civitate Dei.
- 429: Vandalane gjekk inn i Nord-Afrika.
- 430 Augustin døydde medan vandalane kringsette Hippo.
- 439/440: Vandalar hertok Karthago.
- 442: Vandalarkongen Geiseik underskreiv ei fredsavtale med Valentinian III av Romarriket om retten til Nord-Afrika.
- 454: Aksum stødde opp under den monofysittiske, koptiske patriarken av Alexandria
- 477: Hunerik, den arianske vandalkongen, forfølgde katolikkar.
- 489: Nestorianarane blei fordrivne frå Egypt og slo seg ned i Sassanideriket.
- Ca. 500: Bantufolket nådde fram til Sørafrika med tamfe og jarn.
- Afrikanske og indonesiske nybyggjarar nådde fram til Madagaskar
[endre] Asia
Tyrkiske folk (T'u-kiue) budde i i Altaifjella.
Avarkongedømet (Ruanruan), som strekte seg frå Korea til Irkutsk, blei oppretta.
[endre] Aust-Asia
Høgdepunkt for kongedømmet Koguryo (Korea) under herskarane Kwanggaet'o Wang den store og sonen hans, Changsu Wang. Sillakulturen la etter seg kongegraver i Korea.
Kongeriket Yamato i Japan. Yamatoklanen rådde for Nara-området midt på Honshu og breidde seg søretter og ut mot kysten av Japanhavet. Japan gjekk inn i historisk tid då kinesiske skriftteikn blei tekne i bruk. Samstundes blei Japan opprika av innslag frå kinesisk sivilisasjon gjennom kontakt med Korea. Den opphavlege oppdelinga i talrike fyrstedøme meinka med tida, og ein guddommeleg keisar fekk makta (tennô) ca. 520. Det første shintotempelet blei oppført i Japan i 478.
Etter tradisjonen kom brahminen Kaundiya til Funan sør i Vietnam. Etter å ha vunne over dottera av ein slangekonge (nâga) hjulpen av ein fortrolla boge, tok han henne til kone og blei teken til konge av folket. Han endra på lovene, så dei følgde indiske føresegner.
Frå 420 var Kina delt i ein nordlig (Det nordlege Wei-dynastiet) og ein sørleg del (420-479: Liu Song-dynastiet og etter 479: det sørlege Qi-dynastiet).
- 439: Nordlege Wei dominerte Nord-Kina fram til 543.
- 439: Keisar Toba Dao sameinte Nord-Kina.
- 449: Toba Dao sette i gang forfølging av buddhistar.
- 450: «Dei kvite hunarane» gjekk til åtak på sassanideriket.
- 452: Keisar Toba Hsün, som etterfølgde Toba Dao, oppgaver forfølginga av buddhistar i Nord-Kina.
- 477: Hærføraren Lin Yu blei den første Song-keisaren i det sørlege dynastiet. Buddhisme blei statsreligion i Kina.
- 479: Qi-dynastiet overtok makta i Sør-Kina.
- 488: Kvite hunarar sigra over kongen av sassanideriket og drap han, men riket heldt seg framleis.
[endre] Søraust-Asia
Buddhismen nådde Burma og Indonesia. Det oppstod to politiske einingar dagens Indonesia. Dei sjøfarande kongedøma handla langs kysten av Sumatra, nordsida av Java, Borneo og Sulawesi. Kongedømer i aust og det indre av Java dreiv med risdyrking og hadde kulturell med India, som gav dei skrivekunst, hinduisme og buddhisme derfrå.
[endre] Sør-Asia
Guptariket i Nord-India blei frå midten av hundreåret sterkt truga af «huna» (hunarar?), som pressa på frå nord. I 480 gjekk kvite hunarar frå Transoxiania inn i Guptariket.
Romafolk vandra nordover, ut av India. Nestorianismen kom til India
Tolkappiyam, ei tamilsk avhandling om grammatik på vers, blei skriven.
- 420: Kalidasa fullførte skodespelet sitt om Sjakuntala.
- 440: Eit senter for buddhistisk lærdom blei grunnlagd ved Nalanda.
- 477: Tronraneren Kasyapa bygde sitt festningspalass på Sigiriya-klippa på Sri Lanka.
[endre] Europa
Isen nådde si største utbreiing i perioden mellom 400 og 750, om ein måler ut frå Fernaugletsjeren i Tyrol.
Det økonomiske og politiske tyngdepunktet i Romarriket flytta seg mot aust, og Vestromarriket gjekk etter kvart under.
Folkevandringstida (400-600) eller eldre jernalder i dei germanske landa. Rundt 440 slo dei første angelsaksiske nybyggarane seg ned i Storbritannia, bedne av Vortigern. Skottar flytta frå Irland til Skottland, der dei grunnla kongeriket Dalriada (Argyll). Irland blei delt inn i sju kongerike under ein storkonge, Ard Ri.
- 402: Visigotarane blei fordrivne frå Itali\ av hærføraren Stilicho, og keisarhoffet blei lagt til Ravenna.
- 404: Kyrkjefaren Hieronymus fullførte den normsetjande latinske omsetjinga av Bibelen, «Vulgata».
- 406: Vandalar, svebarar og alanar kryssa Rhinen og trengde inn i Gallia.
- 410: Visigotarane under Alarik plyndra Rom.
- 435: Universitetet i Konstantinopel blei grunnlagd.
- 440: Leo blei biskop av Rom og dermed den første reelle paven.
- 452: Hunarkongen Attila erobra store delar av Europa.
- 455: Rom blei plyndra av vandalar under Geiserik.
- 474: Rom anerkjende vandalriket i Nord-Afrika/
- 475: Visigotarane fekk lovleg rett til Akvitania og Spania. Den vestgotiske kongen Eurik fekk nedskrive dei vestgotiske lovane i Codex Euricianus.
- 476: Vestromarriket blei avvikla då Odoaker avsette den sidste keisaren, Romulus Augustulus.
- 486: Frankarkongen Klodvig I erobra størsteparten av Nordgallia.
- 491: Den armenske kyrkja lausreiv seg frå Rom og Konstantinopel.
[endre] Skandinavia
Dyreornamentikk dukka opp som stilart, og ein tok i bruk brakteatar, ein type myntar. Gallehus-horna har den eldste danske runeinnskrifta.
Det blei bygd byar og festningar på Gotland, Öland og Bornholm. Dei første runesteinane blei reist på Gotland.
[endre] Oseania
Polynesarar nådde Tahiti, Selskapsøyane, Påskeøya og Hawaii.
[endre] Viktige namn
- Alarik I, konge over vestgotarane då dei plyndra Roma
- Attila, mektig hunarkonge
- Augustin av Hippo, biskop og kyrkjefader
- Benedikt av Nursia, munk, grunnla benediktinarordenen
- Bahram VI av Persarriket (Bahram-e Goor, 'Bahram Villeselet'), persisk konge av sassanidedynastiet
- Bodhidharma, munk, grunnla zenbuddhismen
- Boëthius, kristen filosof (480-524)
- Flavius Magnus Aurelius Cassiodorus, romersk forfatter (490-583)
- Cyril av Alexandria, patriark ab Alexandria og Konstantinopel
- Faxian, kinesisk buddhistmunk
- Flavius Aëtius, stathaldar, general, den siste av dei store romerske generalane
- Hawaiiloa, oppdaga og koloniserte Hawaii
- Hieronymus, einebuar, prest og bibelomsetjar
- Huiyuan, kinesisk buddhist
- Hypatia av Alexandria, kvinneleg filosof
- Johannes Chrysostomos, patriark av Konstantinopel
- Kalidasa, indisk diktar
- Pave Leo I
- Den heilage Mesrob, armensk munk
- Niall Noigiallach, grunnla eit av dei største irske dynastia
- Den heilage Patrick, munk, omvendte irane til kristendommen (389-461)
- Pelagius, kristen kjettar (360-420)
- Procopius, byzantinsk historikar (490-562)
- Socrates Scholasticos, byzantinsk kyrkjehistorikar
- Theoderik den store, konge av austgotarane
- Vyasa, indisk diktar
- Yazdgerd I av Persarriket, persisk konge (399-420) av sassanidedynastiet
[endre] Oppfinningar, oppdagingar og nybrott
- Stigbøylen oppfunnen i Kina
- Ein tyngre plogtype blei teken i bruk i dei slaviske folkelanda
- Hestesko av jarn var nytta i Gallia
- Det angelsaksiske runealfabetet blei nytta i England
[endre] Kulturelle framstillingar
- Beowulf-kvadet, som blei skrive ned på 700-talet, har rota i hendingar som gjekk føre seg på 400- og 500-talet.
- Soga om volsungane, som først blei skriven ned rundt år 1200, bygger på munnleg overlevering om tilhøva ved Worms på 400-talet.
<< 400 | 401 | 402 | 403 | 404 | 405 | 406 | 407 | 408 | 409 | 410 | 411 | 412 | 413 | 414 | 415 | 416 | 417 | 418 | 419 | 420 | 421 | 422 | 423 | 424 | 425 | 426 | 427 | 428 | 429 | 430 | 431 | 432 | 433 | 434 | 435 | 436 | 437 | 438 | 439 | 440 | 441 | 442 | 443 | 444 | 445 | 446 | 447 | 448 | 449 | 450 | 451 | 452 | 453 | 454 | 455 | 456 | 457 | 458 | 459 | 460 | 461 | 462 | 463 | 464 | 465 | 466 | 467 | 468 | 469 | 470 | 471 | 472 | 473 | 474 | 475 | 476 | 477 | 478 | 479 | 480 | 481 | 482 | 483 | 484 | 485 | 486 | 487 | 488 | 489 | 490 | 491 | 492 | 493 | 494 | 495 | 496 | 497 | 498 | 499 >>
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «5. århundrede» frå Dansk Wikipedia, den 29. januar 2008.

