Gaunless

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 54°40′15.60″N 1°40′10.20″W
River Gaunless
elv
none  Gaunless ved Auckland Castle.
Gaunless ved Auckland Castle.
Land Flag of England.svg England
Distrikt County Durham
Kjelde
 - stad Copley
 - høgd 230 moh
 - koordinatar 54°37′12″N 1°52′12″W
Munning
 - stad Wear i Bishop Auckland
 - høgd 70 moh
 - koordinatar 54°40′15.60″N 1°40′10.20″W

Gaunless er ei elv i grevskapet Durham i det nordaustlege England. Ho er ei sideelv til Wear. Han renn gjennom byen Bishop Auckland. Namnet er av norrønt opphav, og tyder «ubrukeleg».

Elva har utspring sør for landsbyen Copley ved samløpet mellom Arn Gill og Hindon Beck. Gaunless renn mot aust forbi landsbyane Butterknowle, Cockfield og Evenwood. Ho fortset gjennom West Auckland og passerer like sør og austom byen Bishop Auckland før ho munnar ut i Wear like nord for byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]