Wear
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Wear | |
| elv | |
|
Wear i Durham
|
|
| Land | |
|---|---|
| Grevskap | Durham |
| Kjelde | Wearhead |
| Munning | Nordsjøen ved Sunderland |
| Lengd | 96 km |
Wear og Wearmouth Bridge i Sunderland.
Wear er ei elv i grevskapet Durham i det nordaustlege England. Ho har utspringet sitt ved Wearhead i Durham, og renn gjennom Weardale forbi Stanhope og Wolsingham. I Bishop Auckland renner ho under Auckland slott, residensen til biskopen av Durham. Ho fortset i ein nordaustleg retning til ho når Durham; der renn ho i ein boge slik at byen blir liggjande nærast på ei halvøy. Ho fortset så forbi Chester-le-Street og Washington, før ho når Sunderland. Tidlegare var det opp mot eit dusin skipsverft langs elva ved Sunderland, men dei aller fleste er nedlagde. Elva renn ut i Nordsjøen i Sunderland.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Wear» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juli 2011.