Gavrilo Princip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gavrilo Princip

Gavrilo Princip (18941918) var ein bosnisk gymnasiast og medlem av organisasjonen Det unge Bosnia, som likeins med andre sørslaviske illegale organisasjonar ønskja jugoslavisk samling. 28. juni 1914 gjennomførte han eit vellukka attentat på tronfylgjaren til den austerriksk-ungarske trona, Franz Ferdinand, og hustrua hans i Sarajevo. Mordet vart den utløysande årsaka til den fyrste verdskrigen. Han var ikkje myndig, og vart av den grunn dømt til berre 20 års fengsel, der han seinare døydde av tuberkulose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]