Bosnia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tilnærma grenser mellom Bosnia (marker lyst) og Hercegovina (markert mørkt)

Regionen Bosnia (Bosna/Босна) er historisk og geografisk den nordlege delen av det som i dag er Bosnia-Hercegovina. Regionen ligg hovudsakleg i Dei dinariske Alpane og strekkjer seg opp til dei sørlege områda av Den pannoniske sletta med elvane Sava og Drina som den nordlege og austlege grensa. Den sørlege middelhavsregionen av landet er Hercegovina.

Arealet av Bosnia er om lag 41 000 km², og utgjer om lag 80 % av heile Bosnia-Hercegovina. Det finst ingen verkelege grenser mellom dei to regionane, men uoffisielt ligg Hercegovina sør for Ivan-planina.

Dei to regionane har vore eit geopolitiske område sidan mellomalderen, og namnet «Bosnia» refererer som regel historisk og geopolitisk til begge regionane (Bosnia og Hercegovina). Den offisielle bruken av begge namna vart først tatt i bruk seint i den ottomanske perioden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Bosnisk historie.

Frå midten av 1100-talet oppretta ban Kulin ein uavhengig bosnisk stat. Frå 1360-talet inkluderte det bosniske kongedømet områda i Bosnia og det som seinare skulle verte Hercegovina. Som ein del av Det ottomanske riket i fire hundre år (1463 - 1878) utgjorde Bosnia ein stat (sanjak) som inkluderte Hercegovina fram til midten av 1800-talet. Området fekk namnet Bosnia-Hercegovina i 1853 på grunn av ein politisk tvist.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • W. Miller. Bosnia before the Turkish Conquest, The English Historical Review © 1898 Oxford University Press
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Bosnia (region) frå Engelsk Wikipedia .