Sarajevo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Sarajevo
Byvåpenet til Sarajevo
Byvåpenet til Sarajevo

Kallenamn
«Den olympiske byen»
Styresmakter
Land
Region

Kommune
Bosnia-Hercegovina
Føderasjonen Bosnia-Hercegovina & Republika Srpska
Sarajevo kommune
Ordførar Semiha Borovac
Geografi
Flatevidd
 - By

142 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)

429 672
Koordinatar 43°52′0″N 18°25′0″EKoordinatar: 43°52′0″N 18°25′0″E
Høgd over havet 500 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.sarajevo.ba
Plassering
Kart over Bosnia-Hercegovina
Kart over Bosnia-Hercegovina

Sarajevo er hovudstaden og den største byen i Bosnia-Hercegovina. med eit innbyggjar tal på rundt 430 000 (i 2006)[1] Byen er òg hovudstad i Føderasjonen Bosnia-Herzegovina og Republika Srpska, i tillegg til sentrum i Sarajevo kommune. Sarajevo ligg i Sarajevodalen i Bosnia omgjeve av Dei dinariske Alpane ved elva Miljacka. Byen er kjend for å ha eit religiøst mangfald der tilhengjarar av islam, katolisisme, den ortodokse kyrkja og jødedomen har levd side om side i fleire hundrår. Sarajevo vert rekna for å vere ein av dei mest kulturelt viktige byane på Balkan.

Katolsk kyrkje i Sarajevo

Sjølv om det har vore busetnadar her sidan antikken vart den moderne byen til som eit ottomansk tilfluktsstad på 1400-talet.[2] Sarajevo fekk mykje internasjonal merksemd på 1900-talet. I 1914 var byen åstad for drapet på Franz Ferdinand, som utløyste Den første verdskrigen. I 1984 vart Vinter-OL halde her, medan byen på 1990-talet gjennomgjekk den lengste omleiringa i moderne militærhistorie under Bosnia-krigen. I dag er ein ferd med å byggje opp att byen som sentrum for den kulturelle og økonomiske utviklinga i Bosnia-Hercegovina.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Federal Office of Statistics, Federation of Bosnia and Herzegovina. http://www.fzs.ba/Eng/gode.htm#POPULATION
  2. Valerijan, Žujo; Imamović, Mustafa; Ćurovac, Muhamed (1997). Sarajevo. Svjetlost.
  3. Kelley, Steve. Rising Sarajevo finds hope again. The Seattle Times.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sarajevo
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.