Gentile Bellini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Madonna med barn og to som kjem med gåver, ca 1460

Gentile Bellini (ca 142923. februar 1507) var ein italiensk målar. Målaren Jacopo Bellini var far hans, og Giovanni Bellini ein yngre bror.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hans tidlege verk var inspirert av stilen til svogeren Andrea Mantegna. Arbeida hans omfattar dekorasjonane i 'Scuola Grande di San Marco' frå 1470-talet, laga saman med broren Giovanni, samt Prosesjonen på Markusplassen frå 1496.

Mirakelet med krossen, 1500

I 1478 gav regjeringa i Venezia han i oppdrag å reise til Konstantinopel for å måle sultanen Mehmed II. Etter dette kan ein merke ein påverknad frå orientalsk biletkunst i fleire av verka hans, så som Markus preikar i Alexandria. Dette biletet vart elles gjort ferdig av broren Giovanni.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gentile Bellini

Kjelder[endre | endre wikiteksten]