George Green
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Green (14. juli 1793–31. mai 1841) var ein britisk matematikar.
Han starta som møllar i forretninga til faren og lærte seg matematikk på eiga hand. Han skreiv fleire større avhandlingar i bruksmatematikk, særleg om elektrisitetslære, magnetisme og væskedynamikk, og vert rekna som ein av grunnleggarane av potensial-teorien. Namnet hans er òg knytta til den viktige greenske integralsatsen, som gjev samanhengen mellom dobbelintegral over eit område i planet og linjeintegral over grensa til det same området.
Kjelder [endre]
- George Green. (2011-11-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/George_Green