Germania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romerske provinsar og Germania i år 100 e.Kr.

Germania var den romerske nemninga på det geografiske området som strekte seg frå dei vestlege områda av Rhinen til, laust definert, stepperegionane i dagens Russland og Ukraina.

Germania var busett av mange forskjellige stammar, mest germanske, men også keltiske og baltiske. Sjølv om dei germanske stammane utgjorde majoriteten, var etnisiteten mangfaldig og blei kontinuerleg forandra gjennom folkevandringar. Dei germanske folka tala germanske språk.

Germania blei inndelt i to regionar av romarane; det indre Germania, vest og sør for Rhinen, som var okkupert av romarane, og det frie Germania, aust for Rhinen.

Den mest fullstendige utgreiinga om Germania frå romersk tid er Tacitus sitt verk Germania.

Ordet Germania er det latinske namnet for dagens Tyskland, og det har også gitt opphav til det engelske namnet på landet, (Germany).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]