Gerry Goffin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerry Goffin

Fødd11. februar 1939(1939-02-11)
FødestadBrooklyn i New York i USA
Død19. juni 2014 (75 år)
DødsstadLos Angeles i California i USA
FødenamnGerald Goffin
OpphavUSA
Aktiv1959–2014
Sjangerpop
Instrumentvokal
Tilknytte artistar
PlateselskapAdelphi, UAR, Manticore
Verka somTekstforfattar
Gift medCarole King
BornLouise Goffin
PrisarGrammy Trustees Award, Rock and Roll Hall of Fame

Gerald Goffin (11. februar 193919. juni 2014) var ein USA-amerikansk tekstforfattar. I lag med kona si Carole King skreiv han mange internasjonale pophittar tidleg og midt på 1960-talet, som «Will You Love Me Tomorrow», «Take Good Care of My Baby», «The Loco-Motion» og «Go Away Little Girl». Det vart seinare sagt at Goffin hadde ei gåve med å «finne ord som uttrykte det så mange unge folk kjende, men ikkje klarte å setje ord på.»[1]

Etter han og King vart skilde, skreiv Goffin med andre komponistar, som Barry Goldberg og Michael Masser, og med dei skreiv han mellom anna «Theme from Mahogany (Do You Know Where You're Going To)» og «Saving All My Love for You». I løpet av karrieren sin skreiv Goffin over 114 hittar som gjekk inn på Billboard Hot 100, mellom anna åtte som nådde toppen av lista og 72 songar som gjekk inn på UK Singles Chart.[2] Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1990 i lag med Carole King.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar og EP-ar[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • It Ain't Exactly Entertainment (1973), Adelphi Records Inc – AD4102
  • Back Room Blood (1996), Genes Records – GCD 4132
  • It Ain't Exactly Entertainment Demo & Other Sessions (2010) Big Pink – BIG PINK 92

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]