11. februar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
11. februar er den 42. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 323 dagar att av året (324 under skotår).
Innhaldsliste |
[endre] Merkedag
[endre] Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
| Sigersdag for den islamske revolusjonen i Iran | Nasjonal grunnleggingsdag i Japan |
[endre] Religiøs helgedag
Bevegelege heilagdagar som fell på 11. februar i 2012:
[endre] Namnedag
| Noreg | Ingve og Yngve |
| Sverige | Yngve og Inge |
| Danmark | Euphrosyne |
Helgendag i den katolske kyrkja:
- Vår frue av Lourdes og verdsdag for sjuke.
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 660 f.Kr: Tradisjonell dato for grunnlegginga av Japan av keisar Jimmu Tenno.
- 1531: Henrik VIII av England blei anerkjend som overhovud for den engelske kyrkja.
- 1809: Robert Fulton tok patent på dampbåten.
- 1810: Napoleon gifta seg med Marie-Louise av Austerrike.
- 1873: Kong Amadeus I av Spania abdiserte etter to år på trona.
- 1964: Det braut ut krig mellom Hellas og Tyrkia i Limassol på Kypros.
- 1971: 87 land, mellom dei USA, Storbritannia og Sovjetunionen, skreiv under ein avtale mot atomvåpen i internasjonalt farvatn.
- 1979: Den iranske revolusjonen. Ayatollah Khomeini tok makta i Iran.
- 1990: Den sørafrikanske apartheidmotstandaren Nelson Mandela blei slept fri etter å ha vore i politisk fangenskap i 27 år.
- 2011: Den egyptiske revolusjonen. Hosni Mubarak gjekk av som president i Egypt etter 18 dager med folkelege protestar. Det øvste rådet i hæren tok over stryet av landet.
[endre] Noreg
- 1849: Lofot-stormen tok eit ukjent tal menneskeliv.
- 1887: Sulitjelma gruber kom i drift.
[endre] Fødde
- Sjå òg Fødde den 11. februar.
- 1380: Gianfrancesco Poggio Bracciolini, italiensk humanist
- 1466: Elizabeth av York, kone av kong Henrik VII av England
- 1535: Pave Gregor XIV
- 1568: Honoré d'Urfé, fransk renessanseforfattar
- 1847: Thomas Alva Edison, amerikansk oppfinnar
- 1855: Erik Werenskiold, norsk biletkunstnar
- 1874: Elsa Beskow, svensk forfattar
- 1898: Leó Szilárd, ungarskamerikansk kjernefysikar
- 1902: Arne Jacobsen, dansk arkitekt og designer
- 1920: Kong Faruk I av Egypt
- 1962: Sheryl Crow, amerikansk musikar
[endre] Døde
- Sjå òg Døde den 11. februar.
- 1503: Elizabeth av York, kone av kong Henrik VII av England
- 1650: René Descartes, fransk filosof
- 1795: Carl Michael Bellman, svensk diktar
- 1868: Léon Foucault, fransk fysikar
- 1948: Sergej Eisenstein, russisk filmskapar
- 1963: Sylvia Plath, amerikansk forfattar
- 1986: Frank Herbert, amerikansk science fiction-forfattar
- 2007: Marianne Fredriksson, svensk forfattar
|
|
|
|---|---|
| < 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · (29) > |