Carole King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carole King i 2008

Carole King, eigenleg Carol Klein, (fødd 9. februar 1942) er ein US-amerikansk låtskrivar og musikkartist frå Brooklyn i New York. På eigne utgjevingar syng ho og spelar piano. Under konsertar spelar ho også gitar.

King skreiv frå 1958 låtar for grupper som The Drifters og The Shirelles. Ein periode spelte ho inn demosonger med Paul Simon under namnet The Cousines. Saman med sin dåværende ektemann, Gerry Goffin, skreiv ho gjennom 1960-årar mange låtar som nådde eit stort publikum. Kjende grupper som The Beatles, The Animals, Blood, Sweat and Tears, The Byrds og The Everly Brothers har spela inn låtar laga av paret King/Goffin.

I 1970 gav King sjølv ut sitt første album kalla Writer. Året etter, 1971, kom LP-en Tapestry som i 15 veker låg nummer ein på den amerikanske spelelista. Albumet er ein av musikkhistorias storseljarar. Mellom 1970 og 2001 har King gitt 17 studioalbum og fire livealbum.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]