Gift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giftige stoff kan merkast med dette symbolet

Ei gift er eit stoff som er skadeleg eller dødeleg for menneske eller andre organismar, som regel ved at dei reagerer kjemisk med eit stoff i organismen.

Eit stoff kan vera giftig for ein organisme, men ufarleg for ein annan. Til dømes verker mange medisinar ved at dei er giftige for bakteriar, medan den større organismen dei har infisert toler gifta.

Det er òg stor forskjell på kor sterk ei gift er. Eit stoff som kan skada eller drepa i svært små dosar, kallar me svært giftig. I svært store dosar er nær sagt alle stoff giftige, til dømes salt og vatn. Me reknar likevel ikkje desse som gifter.

Døme på gifter[endre | endre wikiteksten]