Arsenikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arsenikk, eller arsentrioksid (As2O3), er velkjent som eit effektivt stoff å forgifta menneske med.

Innhaldsliste

[endre] Gift

Arsenikk er langt giftigare enn det reine grunnstoffet arsen. 0,1 g - 0,2 g arsenikk er normalt ein dødeleg dose, men ved langvarig inntak kan ein venja seg til å tåla ganske store mengder.

Gifta er vanskeleg å oppdaga, av di ho gjev frå seg korkje smak eller lukt. Men det er lett å påvisa henne i kroppen etter dauden.

I mellomalderen var arsenikk ei frykta gift i fleire europeiske kongehus. Difor var det ikkje uvanleg at kongelege sjølv drakk litt av gifta for å vera motstandsdyktige dersom einkvan skulle freista å drepa dei.

[endre] Kjemi

Arsenikk

Arsenikk er eit oksid av arsen. Det har formelen (As2O3). Arsen har oksidasjonstrinn +3 i sambindinga. Andre namn på stoffet er arsen(III)oksid og arsentrioksid. Arsenikk er, som andre oksid, ei uorganisk sambinding.

Arsenikk er eit kvitt, fast stoff.

[endre] Bruk

Arsenikk vert brukt mot skadedyr og i tilverking av opaliserande glas og emalje.

Stoffet blei tidlegare noko brukt i små dosar som medisin mot blodsjukdommar og som styrkjande og appetittvekkjande middel.

[endre] I grunnvatn

Arsenikk finst naturleg i bergartar og sediment som mineralet arsenolitt (kubisk As2O3) og claudetitt (monoklin). Denne særs giftige sambindinga kan derfor finnast laust i grunnvatnet. Jamn eksponering for arsenikk kan mellom anna føre til auke førekomst av hud- og blærekreft. Det finst derfor grenseverdiar for kor mykje arsenikk grunnvatn kan innehalde. Mange land har høge arsenikk-konsentrasjonar i grunnvatnet, og særleg i Bangladesh og Vest-Bengal i India er arsenikk eit stort helseproblem.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk