Salt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saltkrystallar

Salt er ei stor gruppe kjemiske stoff med liknande eigenskapar: I tørr, fast form er dei krystallar, og oppløyst i vatn dannar dei frie ion som gjev vatnet elektrisk leiingsevne.

Iona i ein del salt er viktige for kroppen, og fleire salttypar blir brukte i matlaging.

Salt i kjemien[endre | endre wikiteksten]

Eit salt er ei kjemisk binding mellom to eller fleire ion, som oftast eit positivt ladd metall-ion (kation) og eit negativt ladd ion av ikkje-metall (anion). Anionet er gjerne samansett av fleire atom, som til dømes nitrat NO3, sulfat SO42− og acetat CH3COO. Nokre kation, som ammonium NH4+, er òg samansett av fleire atom.

Salt er hovudsakleg uorganiske stoff som kan dannast i ein nøytraliseringsreaksjon mellom ei syre og ein base eller i ein reaksjon mellom eit metall og ei syre. Salt kan dannast både av uorganiske og organiske syrer. For eksempel gir reaksjonen mellom saltsyre (HCl) og natriumhydroksid (NaOH) natriumklorid.

HCl + NaOH → NaCl + H2O

Namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Salt får namn etter kva ion dei inneheld. Kationet vert nemnd først. Metallnamnet vert brukt for metallion. Andre kation har eigne namn. Til dømes heiter NH4+ ammonium. Dette vert sett saman med namnet til anionet. Eit salt av natrium og klor får namnet natriumklorid.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Eigenskapane til eit salt er avhengige av kva ion saltet er sett saman av.

Reine krystallar av nokre salt er fargelause. Ureiningar og lysbryting gjer at mange salt ser kvite ut. Nokre ion er farga og gjev salt dei er med i farge. Til dømes er koparsalt blå eller grøne. Permanganationet gjev kaliumpermanganat den kraftige fargen.

Salt kan vera giftige. Sjølv natriumklorid er giftig i større mengder.

Salt har som regel høge smeltepunkt og kokepunkt.

Løysingsevna varierer mykje mellom ulike salt. Natriumklorid er lettløyseleg i vatn, men sølvklorid er nesten uløyseleg. Generelt er salt av alkalimetall og nitrat lettløyselege. I metta løysningar vil det vera likevekt mellom iona og uløyst salt.

Salt kan vera nøytrale, sure eller basiske avhengig av kva ion dei inneheld. Salt av ei sterk syre og ein sterk base er nøytrale. Salt av ei svak syre og ein sterk base er ofte basiske. Dette fordi eit ion som er den korresponderande basen til ei svak syre vil vera basisk.

Reine salt er som regel luktfrie.

Salt i matlaging[endre | endre wikiteksten]

Saltproduksjon i Senegal.

Det vanlegaste saltet i matlaging, bordsalt, er natriumklorid (NaCl). Det er nødvendig for oss, men dagsbehovet er berre 3 gram. Ein brukar òg mineralsalt med redusert natriuminnhald. I desse er ein del natriumklorid bytt ut med til dømes kaliumklorid (KCl) og magnesiumsulfat (MgSO4).

Salt berekna til matlaging vert seld som vanleg salt, havsalt eller mineralsalt. Jod er ofte tilsett. I tillegg kan ein kjøpa kryddersalt. Her er saltet blanda med andre krydder.

Salt vert mykje nytta for å gje maten smak.

Salting er ein måte å konservera mat på. Mange mikroorganismar toler ikkje salt. Vatn vert drege ut av cellene ved osmose.

Utvinning[endre | endre wikiteksten]

Ein kan utvinna salt frå sjøvatn eller frå mineral. Saltgruver finst fleire stader i Europa. Kontroll med saltgruver eller salthandel har vore ei kjelde til rikdom og makt.

Mykje salt er løyst i havet. I tillegg er saltinnhaldet i nokre innsjøar, til dømes Dødehavet, stort. Fleire ulike salt er til stades. Utvinning av salt frå sjøvatn skjer ved fordamping av vatnet. Saltet vert att.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Salt, NaCl, har gjennom historia vore viktig, særleg som konserveringsmiddel for mat. Tidlegare problem med masseproduksjon kombinert med stort forbruk har vore medverkande til at verdien av salt har vore svært høg. Det engelske ordet salary, lønning, kjem av at arbeidarar tidlegare er blitt betalt i nettopp salt.

Krigar har vore kjempa over salt.

Ein finn spor av salt i ein del stadnamn:

Annan bruk av salt[endre | endre wikiteksten]

Mange norske vegar vert salta om vinteren. Ved å tilsetja salt (eller ein del andre stoff) i ei væske vil ein auka kokepunktet og seinka smeltepunktet. Dette er døme på kolligative eigenskapar.

Salt som kaliumsulfat vert nytta i gjødsel.

Natriumklorid og nokre andre salt vert ofte brukte i produkt som såper, sjampo og fotsalt.

Jernsulfat (FeSO4) er det verksame stoffet i mange jerntablettar. Dette saltet kan òg brukast mot mose i plenen.

Ordet finst òg i enkelte faste uttrykk. Til dømes å ta noko med ei klype salt, strø salt i såret og å ha til salt i grauten.

Bibelen nemner salt fleire stader.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Salt