Girkasse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Girkasse er ei meknanisk innretning for å endra utvekslingsforholdet mellom to akslingar, reimskiver, eller liknade.
Dei fleste motorkjøretøy har ei eller anna form for girkasse. Dei fleste girkassar er mekaniske og utvekslingsforholdet vert endra ved at tannhjul med ulik diameter vert førte i inngrep med kvarandre. Dette kan skje manuelt med ei girspak, eller verta utført av ein aktuator som vert styrt manuelt eller automatiskt.
Innhaldsliste |
[endre] Mekaniske girkassar
Mekaniske girkassar er den mest utbreidde typen. Dei er enkle, driftsikre og har små tap. Dei fyrste kjøretøya hadde berre nokre få utvekslingsforhald. Seinare vart talet på gir utvida for at motoren skulle få høve til å arbeida med eit så gunstig turtal som muleg. Nyttekjøretøy, som lastebilar og traktorar, som har mange gir, har to eller tre girkassar etter kvarandre. Desse var ofte organiserte som ein hovudgirkasse, eit to- eller tre-trinns høg/låg-gir og eit totrinns snøgggir, men i dag er det meir vanleg at føraren ikkje treng å tenkja så mykje på korleis girkassen er bygd opp.
Kilereimvariator er ei form for mekanisk transmisjon, der utvekslingsforholdet kan varierast trinnlaust. Dei vert ofte nytta i skurtreskar, skuterar og snøskuterar, men har og vore nytta i personbilar (DAF til dømes).
[endre] Hydrodynamiske dreiemomentforsterkarar
Skogsmaskinar, anleggsmaskinar og liknande er ofte utstyrte med ein hydrodynamisk dreiemomentforsterkar, i tillegg til ein mekanisk girkasse. Desse tilpassar automatisk utvekslingsforholdet etter belastninga og innfører ein «elastisitet» i transmisjonen. Dette høver særleg godt for terrengkjøretøy, anleggsmaskiner osb.
Hydrodynamiske momentforsterkarar har trinnlaust varierande utvekslingsforhold over eit visst turtalsområde, med dei har større tap enn mekaniske girkassar. Det er difor vanleg at dei kan blokkkerast.
[endre] Hydrostatiske transmisjonar
Nokre kjøretøy har hydrostatisk transmisjon, som òg gjev trinnlaust utvekslingsforhold. Desse har meir tap enn mekaniske girkassar og vert helst nytta der det det viktig at utvekslingsforholdet kan regulerast trinnlaust.

