Gjenforeiningskammeret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gjenforeiningskammeret (fransk Chambres des Réunions) var franske ting oppretta av kong Ludvig XIV tidleg i 1680-åra. Føremålet med desse tinga var å utvide dei franske landområda. Ludvig hadde utvida dei franske grensene i ei rekkje krigar og fekk stadfesta desse i freden i Nijmegen i 1679 og freden i Aix-la-Chapelle i 1668. Arbeidet til tinga var å avgjere kva omliggande område, om nokon, som hadde høyrt til dei nye områda Frankrike hadde fått ved desse avtalane. I denne prosessen vart stader som Saarbrücken, Luxembourg, Zweibrücken og Strasbourg innlemma i Frankrike.

Ludvig baserte krava sine på gamle, nesten gløymde rettar til desse avhengige områda frå mellomalderen. Ludvig tok derfor fordelen av det formelle innhaldet i allianseavtalane sine med dei tyske fyrstane ved å krevje landområda deira. Sjølv om det ikkje var juridiske rettar i handlinga i det heile, tok Ludvig byen Strasbourg, samt byen Casale. Ludvig tok òg det meste av det som i dag er Luxembourg, som då var ein del av Det tysk-romerske riket. Riket var på denne tida oppteken med ein pågåande krig med Det osmanske riket.

Konfliktane som denne politikken førte til leia etter kvart fram til våpenkvilen i Ratisbon, der Ludvig fekk love til å behalde dei fleste områda. Ludvig ergra på seg det meste av Europa med politikken sin og det heile enda i niårskrigen i 1688. Krigen enda i 1697 med freden i Ryswick. Her gjekk Ludvig med på å gje attende det meste av områda som hadde vorte annektert til Frankrike med Gjenforeningskammera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]