Alsace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alsace
Våpenskjold til Alsace
Fakta
Hovudstad Strasbourg
Regionspresident Philippe Richert
Flatevidd 8 283 km²
Folketal 1 817 000 (2006)
Rangering 14
Folketettleik 217 innb./km²
Arrondissement 13
Kantonar 75
Kommunar 903
Geografi
Plassering av Alsace i Frankrike

Departement
Bas-Rhin   Haut-Rhin

Alsace (tysk Elsass) er ein region aust i Frankrike, med grenser til Sveits og Tyskland. Medan området var del av Det tysk-romerske riket blei det innlemma i Frankrike1600-talet. Som Lorraine har han skifta hand mellom Frankrike og Tyskland fleire gonger. Tysk språk og kultur står framleis sterkt i regionen. Rhinen er grenseelv, og den største byen er Strasbourg. Regionen inneheld av departementa Bas-Rhin og Haut-Rhin.

Med eit areal på 8 283 km² er regionen den minste i den europeiske delen av Frankrike, og ligg mellom Rhinen i aust og fjella Vogesane i vest. I tillegg til Tyskland og Sveits grensar regionen til Franche-Comté i sør og Lorraine i vest.

Regionen inneheld mange skogar, hovudsakleg i Vogesane og i Bas-Rhin. Det høgaste punktet i regionen er Ballon de Guebwiller i Haut-Rhin med ei høgd på 1 426 m. Alsace har eit delvis kontinentalklima med kalde og tørre vintrar, og varme somrar. Regionen får lite nedbør sidan han ligg i regnskuggen til Vogesane, og på grunn av den same fjellkjeda har byen Colmar eit solrikt mikroklima og er den nest tørraste byen i Frankrike med ein årleg middelnedbør på berre 550 mm. Dette gjer området ideelt for vinen som vert dyrka her.

Byar[endre | endre wikiteksten]



Flag of France.svg Franske regionar Flag of France.svg
Alsace | Aquitaine | Auvergne | Bourgogne | Bretagne | Centre | Champagne-Ardenne | Corse | Franche-Comté | Île-de-France | Languedoc-Roussillon | Limousin | Lorraine | Midi-Pyrénées | Nord-Pas-de-Calais | Basse-Normandie | Haute-Normandie | Pays de la Loire | Picardie |
Poitou-Charentes | Provence-Alpes-Côte d'Azur| Rhône-Alpes