Glødelampe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei glødelampe er eit elektrisk apparat der ein elektrisk straum varmar opp ein glødetråd (filament) av metall inni ei glasspære med vakuum i til tråden vert kvitglødande, slik at han lysar opp omgivnadene. (Dei første glødelampene nytta glødetrådar av karbon.)

Ei glødelampe

Glødelampa er eigentleg ein svært lite effektiv måte å skapa lys på. Om lag to prosent av energien som ei moderne glødelampe brukar (under 15 lm/W), vert til synleg lys, resten blir avgitt som varme. Halogenvarianten kan koma opp i mellom 3 og 4 prosent, eller over 25 lm/W. Til samanlikning har kvite lysdiodar ein verknadsgrad på mellom 25 og 30 lm/W, og vanlege lysstoffrør rundt 60 lm/W.

Spire Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.