Gonge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gåande hamster sett frå undersida.
Gåande yngre kvinne og eldre mann.

Gang eller gonge er det å gå med føter på bakken, det vil seia å ta seg fram noko saktare enn om ein spring. Ein skil mellom å gå på to føter (bipedalisme), der ein vekslar med å leggja vekta på kvar fot medan ein går, og fire (kvadrupedalisme), der det finst ulike gangartar eller måtar å flytta føtene på.

Gonge er ein utbreidd måte å koma seg fram på blant pattedyr, ein del insekt, fuglar og krypdyr. Menneske går som regel mesteparten av livet. Småbarn lærer å gå til ulik tid, men ei typisk tid er når dei er rundt 11 månader gamle.[1] Gonge kan vera ein nyttig framkomstmåte, ein fritidssyssel eller ein idrett, som turmarsj eller kappgang.

Farten på menneskegonge kan variera mykje ut frå ei rekkje faktorar, som alder, høgd, terreng, bør og form, men ein typisk gjennomsnittsfart er rundt 5,0 km/t. Særskilde studiar har funne fartar på mellom 4,51 km/t til 4,75 km/t for eldre individ og 5,32-5,43 km/t for yngre individ.[2] Rask gonge kan vera opptil rundt 6,5 km/t,[3] medan elitekappgjengarar kan nå over 14 km/t i distansar på rundt 20 km.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gonge

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Samra HA, Specker B (July 2007). «Walking Age Does Not Explain Term vs. Preterm Differences in Bone Geometry». J Pediatr. 151 (1): 61–6, 66.e1–2. doi:10.1016/j.jpeds.2007.02.033. PMC 2031218. PMID 17586192.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. «Study Compares Older and Younger Pedestrian Walking Speeds». TranSafety, Inc. 1997-10-01. http://www.usroads.com/journals/p/rej/9710/re971001.htm. Henta 2009-08-24. ; Aspelin, Karen (2005-05-25). «Establishing Pedestrian Walking Speeds». Portland State University. http://www.westernite.org/datacollectionfund/2005/psu_ped_summary.pdf. Henta 2009-08-24.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. «about.com page on walking speeds». http://walking.about.com/od/measure/f/howfastwalking.htm. Henta 2012-08-17.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.