Grammy Award

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grammy)
Gå til: navigering, søk
Grammytroféet.

Grammy Award (Grammy) er ei amerikansk utmerking som har blitt delt ut av Recording Academy (ein samanslutning av personar i den amerikanske musikkindustrien) sidan 1959 for særleg gode prestasjonar innan musikk. Det blir delt ut kvart år i februar, og blir sett på som ein parallell til Academy Award (Oscarprisen) i film.

På same måte som ved Oscarprisen skjer utdelinga etter røyster frå dei med røysterett i Recording Academy, og ikkje på grunnlag av popularitet eller tal på selde plater. Utmerkinga har fått namn etter troféet som vinnarane mottar, ein forgylt miniatyr av ein gamaldags grammofon.

Det vert delt ut 105 prisar innan 30 ulike genrar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]