Thomas Edison
Thomas Alva Edison (11. februar 1847–18. oktober 1931) var ein USA-amerikansk oppfinnar og forretningsmann. Trollmannen frå Menlo Park stod for fleire banebrytande oppfinningar, som det elektriske ljoset og forbetring av fonografen [1].
Edison var fødd i Milan i staten Ohio, og voks opp i Port Huron i Michigan. Han hadde vore tunghøyrt sidan tidleg i oppveksten då han vart tilsett som telegrafist på 1860-talet. Før han saman med faren sette opp laboratoriet i Menlo Park i 1876, der han gjorde størstedelen av oppfinningane sine, hadde han selt snop på jarnbanen, arbeidd som griseslaktar og vore grønsakshandlar.
I alt 1 093 patent vart registrerte i Edison sitt namn, men mange av desse var betringar av gamle patent, og Edison var illgjeten for å taka æra åt assistentane sine når dei gjorde oppfinningar. Ein av desse assistentane var Nikola Tesla, som braut med Edison og etter kvart gjorde stor lukke for seg sjølv.
Referanse [endre]
- ↑ Edison, T.A., An improvement in phonograph or speaking machines, US patent 200.521, 19/2-1878.