Arizona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arizona
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Del av Southwestern United States, det kontinentale USA
Hovudstad Phoenix
Areal 295 254 km²
 - land 294 312 km²
 - vatn 942 km²
Folketal 7 016 270  (2017)
Folketettleik 24 / km²
Guvernør Doug Ducey
Før innlemming Territoriet Arizona
Innlemma i USA 14. februar 1912
Statsnummer 48.
Forkorting AZ
Kart
Arizona
34°17′12″ N 111°39′25″ W
Wikimedia Commons: Arizona
Nettstad: az.gov

Arizona er ein av dei sørvestlege delstatane i USA. Hovudstaden er Phoenix.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første europearane som søkte seg inn i området var to spanske munkar som i 1539 og 1540 leita etter dei mytiske Sju gullbyane. Dei første busetnadene var i hovudsak å rekne som misjonsretta. På denne tida var Arizona ein del av den spanske kolonien Mexico. I 1775 grunnla spanjolane Fort Tucson. Etter den meksikanske krigen vart Arizona i 1848, saman med dei andre delane av USA som i dag ligg nord for grensa, amerikansk territorium.

Arizona si historie er full av legender om det gamle Ville Vesten og to av dei mest kjende indianarhovdingane Geronimo og Cochise leia sine stammer i gjentekne stridar mot dei kvite.

Byen Tombstone var åstad for den mest kjende revolvarduellen i Vesten – The Gunfight at the O.K. Corral. Staten har om lag 250 000 indianarar i 14 stammer busette i 20 reservat, og det gjer Arizona til ein av dei statane i USA som har flest indianske innbyggjarar.

Arizona er etter Hawaii og Alaska den av delstatane som sist vart innlemma i USA (i 1912).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sola går ned i Grand Canyon i Arizona

Arizona er ein av dei sørlegaste delstatane i USA, og består for det meste av flate ørkenlandskap, der det kan bli ekstremt varmt på sommaren, men også på vinteren er det varmt her.

Grand Canyon ligg i Arizona. Grand Canyon består av fleire djupe tronge dalar danna av Coloradoelva over fleire millionar år. Eit anna kjent område danna av store naturkrefter er Meteor Crater, eit meteorkrater midt i Arizona. Det vart danna av ein meteoritt som slo ned i Arizonaørkenen for rundt 50 000 år sidan. Omkrinsen på det er ca. 1 km.

Elles grensar Arizona i sør til Mexico, i vest til California og Nevada, i nord til Utah og i aust til New Mexico. Arealet er 295 000 km².

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste industriproduksjonen i staten gjeld elektriske produkt og varer til bruk i kommunikasjons- og flyproduksjon. Arizona har hatt mange kopargruver og framleis kjem meir enn 50 % av den samla koparproduksjonen i USA frå Arizona. Fleire jordbruksprodukt er viktige i økonomien, viktigast er kreaturoppdrett, meierivarer og bomull.