John Wesley Powell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Wesley Powell USGS.jpg

John Wesley Powell (24. mars 183423. september 1902) var ein amerikansk soldat, geolog og utforskar av Vest-USA og direktør for fleire vitskaplege og kulturelle institusjonar. Han er kjend for Powell-ekspedisjonen i 1869 der han reiste ned Green River og Colorado River og var mellom anna då den første europeiske amerikanaren som reiste gjennom Grand Canyon.

Powell var den andre direktøren i US Geological Survey (1881–1894) og la fram forslag til retningslinjer for utviklinga av det tørre Vesten, etter dei nøyaktige evalueringane han hadde gjort av tilhøva der. Han var direktør i Det amerikanske etnologibyrået ved Smithsonian Institution, der han støtta forsking av lingvistikk og sosiologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John Wesley Powell