Gravenhurst i Ontario

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovudgata i Gravenhurst.
Sentrum med butikkar.

Gravenhurst er ein by i Muskoka-regionen i Ontario i Canada. Han ligg om lag 15 km sør for Bracebridge.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Operahuset i Gravenhurst

Gravenhurst heitte opphavleg «McCabes Bay» og seinare «Sawdust City». Namnet «Gravenhurst» kjem fra ein landsby i England som er nemnd i Bracebridge Hall av Washington Irving.

Den økonomiske veksten på staden kom frå bygginga av ein koloniseringsveg i 1850-åra. Dampskipstrafikk på Muskokasjøane tok til på 1860-talet. Byen ligg strategisk til som den nordlege endestasjon på Toronto, Simcoe og Muskoka-jernbanen. Byen ligg til som «porten til Muskoka».[1]

I 1942 starta det norske Luftforsvaret flyttinga av treningsleiren Little Norway i Toronto til Muskoka flystripe nær Gravenhurst. Nordmennene var i Gravenhurst nesten heilt til slutten av den andre verdskrigen i 1945.[2] Frå 1940 til 1946 husa Gravenhurst Camp XX, ein fangeleir for nazistiske krigsfangar som lokalt var kjend som «the Muskoka officers club». Både før og etter krigen var leiren eit tuberkulosesanitarium att, og seinare vart det ein kosher fritdsstad kalla The Gateway.

Gravenhurst hadde eit folketal på 11 640 i 2011, ein auke på 5,4 % frå folketeljinga i 2006. I 2006 hadde Gravenhurst 95,6 % kvite, 2,0 % urfolk og 2,4 % «synlege minoritetar» (Visible Minorities). Om sommaren auker folketalet mykje på grunn av hyttefolk i området.

Kjende personar frå Gravenhurst[endre | endre wikiteksten]

Informasjonssenter ved Bethune Memorial House.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.heritagefdn.on.ca/userfiles/HTML/nts_1_5510_1.html Ontario Heritage Trust Founding of Gravenhurst
  2. Per Conradi Hansen, Little Norway - A message of Liberty to the Hills of Home, ISBN 978-82-997663-0-2

Bakkgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gravenhurst i Ontario