Great Blasket Island
| Great Blasket Island Lokalt namn: An Blascaod Mór |
|
|---|---|
Forlatte hus på Great Blasket Island |
|
| Geografi | |
| Stad | Atlanterhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Blasketøyane |
| Høgaste punkt | Croaghmore (292 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Irland |
| Grevskap | Kerry |
| Demografi | |
| Folketal | 0 |
Great Blasket (An Blascaod Mór på irsk) er den største av Blasketøyane i County Kerry i Republikken Irland.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Øya ligg om lag 2 km frå fastlandet ved Dunmore Head, og strekk seg 6 km sørvestover. Croaghmore er det høgaste punktet på øya med 292 meter over havet. Den næraste byen på fastlandet er Dunquin og det går båtar frå her til øya om sommaren.
Historie [endre]
Øya var busett fram til 1953 då den irske regjeringa avgjorde at dei ikkje lenger kunne garantere for tryggleiken til innbyggjarane. Tre irske forfattarar har budd her: Tomás Ó Criomhthain, Peig Sayers og Muiris Ó Súilleabháin. Dei høyrer til tre ulike generasjonar og har alle skrivi sjølvbiografiar. Slik har ein eit godt bilete av korleis livet på øya var frå midten av 1800-talet til rundt 1920. Dei skreiv alle på irsk, bøkene er omsett engelsk og andre språk. Heimane til Tomás Ó Criomhthain og Muiris Ó Súilleabháin er i dag ruinar, men huset til Sayers er vorte restaurert og var tidlegare ein del av eit ungdomsherberge.
Eigarskap [endre]
Ungdomsherberget og kaféen som ein gong vart driven på øya er no stengd. Dette kjem av ein krangel mellom den irske staten, som ynskjer å gjere øya om til ein nasjonalpark, og ein person som gjer krav på store delar av øya.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Great Blasket Island frå Engelsk Wikipedia .