Greftkjelen og Greftsprekka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Greftkjelen og Greftsprekka er eit stort karstgrottesystem i Gildeskål kommune i Nordland. Holesystemet består av to store grotter, Greftkjelen (ca 5,2 km total passasjelengde, 315 m djup) og Greftsprekka (ca 4,2 km lang, 250 m djup). Grottene, som i hovudsak er fossile (tørrlagde), består av djupe sjakter (opptil 120 m) og meandergangar med til dels kompliserte nettverk av trykkleidningar.

Dagens drenering gjennom systemet er særs liten i forhold til dimensjonane på dei tørrlagde passasjane. Hovudutviklinga av grottene må ha føregått i periodar då store vassmengder var tilgjengeleg, i hovudsak under nedisingar og issmeltingar etter istider, men det er òg indikasjonar på at deler av grottesystemet er særs gammalt, moglegvis hadde det opphavet sitt i byrjinga av kvartærtida for meir enn 2,5 millionar år sidan. Uran-serie dateringar av speleothemer (dryppstein) frå desse to grottene viser aldrar på meir enn 350 000 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]