Gregorios Thaumatourgos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grigorii chudotvoretz.jpg

Gregorios Thaumatourgos, St. Gregorius av Neocæsarea eller Mirakelmannen Gregorius (213270) blei fødd i Niksar (i dagens Tyrkia). Som ung mann studerte han hos ein kjend lærar presbyter Origenes i Alexandria.

Etter å ha kome tilbake til Niksar vandra Gregorios i ein ørken der han gjennom faste og bøn fekk høg geistleg perfeksjon og ei gåve om å føresjå framtida for å hjelpe menneske å frelsast. Biskop Fedim av Amasja i Kappadokia avgjorde at Gregorios måtte bli biskop i Nyksar då han fekk vite om han.

Før han blei ordinert bad Gregorios mykje til Gud og Jomfru Maria om å vise til han korleis å ære den heilage treeininga på ein ekte måte. Då han bad fekk han sjå Jomfru Maria og evangelisten Johannes som lærte helgenen korleis Treeininga må bevitnast. Gregorios skreiv ned alt som evangelisten Johannes forklarte til han. Læra om Treeininga er basert på den store guddomelege openberringa. Seinare blei denne læra utvikla av vise, heilage menneske – Basilios den store, Gregor av Nazianz og Gregor av Nyssa. Grigorij døydde omkring 266-270 e.Kr.

Minnefestdager for St. Anatolios[endre | endre wikiteksten]

  • 16. juli (3. julli i den julianske kalenderen)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gregorios Thaumatourgos

Kjelde[endre | endre wikiteksten]