Gribben Head

Koordinatar: 50°19′01″N 4°40′23″W / 50.31699°N 4.67310°W / 50.31699; -4.67310
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gribben Head
nes
Gribben og Polridmouth
Land  Storbritannia
Kart
Gribben Head
50°18′56″N 4°40′21″W / 50.315557°N 4.672438°W / 50.315557; -4.672438
Wikimedia Commons: Gribbin Head

Gribben Head (stundom skrive Gribbin Head) er eit nes på sørkysten av Cornwall i Storbritannia. Det skil St Austell Bay frå munningen til elva Fowey. Det står eit stort tårn på neset som vart nytta som seglmerke for skip som skulle inn til dei nærliggande hamnene. Den næraste byen er Fowey.

Gribben Head er det sørlegaste delen av kommunen Fowey. I nord og vest ved St Austell Bay ligg den vesle landsbyen Polkerris og bortanfor der Par. I aust ligg Polridmouth-vika og munningen til elva Fowey der sjølve byen Fowey òg ligg.

Neset er 75 meter høgt og er ein del av sørkysten i Cornwall som har status som Area of Outstanding Natural Beauty (særskild vakkert naturområde).[1] South West kyststi går rundt Gribben Head på veg frå Minehead i Somerset til Poole i Dorset.[2]

Gribben Tower[endre | endre wikiteksten]

Det 26 meter høge firkanta fyrtårnet vart reist av Trinity House i 1832 for å skilje Gribben frå Dodman Point og St Anthony’s Head. Det er ikkje lenger nytta som fyr, men er måla i breie raude og kvite striper som eit dagmerke.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Where is the Cornwall AONB?». Cornwall AONB. Cornwall AONB. Arkivert frå originalen 4. desember 2008. Henta 17. januar 2010. 
  2. Ordnance Survey 1:25000 Explorer Map 107
  3. Ward-Jackson, C. H. (1986). Ships og Shipbuilders of a Westcountry Seaport: Fowey 1786-1939. Truro: Twelveheads Press. ISBN 0-906294-11-8. 

50°19′01″N 4°40′23″W / 50.31699°N 4.67310°W / 50.31699; -4.67310