Cornwall
| Cornwall | |
|---|---|
| Motto: Onen hag oll (kornisk) Ein og alle |
|
![]() |
|
| Geografi | |
| Status | Seremonielt grevskap og einskaplege styresmakter |
| Opphav | Historisk |
| Region | Sørvest-England |
| Areal | 3 563 km² |
| Demografi | |
| Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
534 300 150 /km² |
| Etnisitet | 99,0 % kvite 1 % andre |
| Distrikt | |
|
Cornwall Council (einskapleg) |
|
Cornwall (kornisk Kernow) er eit grevskap i England i Storbritannia, som utgjer den sørvestlege halvøya i landet. Det grenser i nord og vest til Atlanterhavet, i sør til Den engelske kanalen og i aust til Devon ved elva Tamar. I lag med Isles of Scilly har Cornwall litt over ein halv million innbyggjarar. ADministrasjonssbyen i grevskapet er Truro.
Området vart først busett i steinalderen og det har halde seg folk her framover til keltarane i jernalderen. Det er få spor etter romarane vest for Exeter, så det er ikkje gjort mange funn etter dei i Cornwall. Cornwall vart seinare ein del av det keltiske området Dumnonia, som vart fråskild Wales etter slaget ved Deorham. Dei var ofte i strid med det engelske kongedømet Wessex før kong Athelstan i 936 sette grensa mellom engelskmennene og det korniske folket ved Tamar.[1] I dag kjempar Cornwall med økonomiske nedgangstider på grunn av nedgang i gruvedrift og fiske, og har i større grad vorte avhengig av turisme. Området er kjend for lyngheilandskapet, den lange og varierte kystlinja, og det milde klimaet.
Cornwall vert rekna som ein av «dei keltisk nasjonane» av mange folk frå Cornwall.[2][3][4][5][6][7][8] Cornwall har ein særeigen kulturell identitet, skapt av historia og moderne bruk av det tidlegare utdøydde korniske språket.[9] Somme folk i Cornwall ønskjer større sjølvstyre i Storbritannia.[10]
[endre] Historie
Cornwall har vore busett sidan slutten av den siste istida. Området var busett av keltarar, og det keltiske språket deira utvikla seg med åra til kornisk.[11] Cornwall vart først nemnd av den sicilianske greske historikaren Diodorus Siculus (ca. 90 fvt.-ca. 30 fvt.)[12], som nemner at handelsmenn vitja område. Kven desse var er ukjend, men det finst teoriar om at dei kan ha vore fønikarar.[13]. Etter ein periode under Romarriket, kom området tilbake til dei sjølvstendige keltiske høvdingane.
På 700-talet kom Cornwall i konflikt med det veksande kongedømet Wessex, men ein veit lite om Wessex utøvde noko kontroll over Cornwall i denne tida.[14]. Rundt 880 hadde anglosaksarane frå Wessex klart å få fotfeste i dei austlege delane av Cornwall.[15]
Etter at normannarane erobra England vart det meste av Cornwall overført til det nye bretonsk-normanniske aristokratiet, særleg Robert av Mortain, halvbror til kong Vilhelm og den største landeigaren i England etter kongen.[16]
Etter kvart vart den normanniske landeigarane erstatta av ein ny kornisk-normannisk elite. Desse familiane vart dei nye herskarane over Cornwall og mange vart involvert i Stannary-parlamentet jarledøma og til slutt hertugdøma.[17]
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Cornwall» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Stenton, F. M. (1947) Anglo-Saxon England. Oxford: Clarendon Press; s. 337
- ↑ "Celtic League - Kernow branch - Information". Celtic League website. Celtic League. 2009. http://www.celticleague.net/branches/kernow2.html.
- ↑ "Cornish Stannary Parliament Archives - Documents - UNITED NATIONS RECOGNISES CORNISH IDENTITY". Cornish Stannary Parliament website. Cornish Stannary Parliament. 6. juli 2008. http://cornishstannaryparliament.co.uk//resources//index.php?topic=General.
- ↑ "Mebyon Kernow - The Party for Cornwall - BETA". Mebyon Kernow website. Mebyon Kernow. 2007. http://www.mebyonkernow.org/?q=policies_historic_celtic_nation.
- ↑ "About RTÉ- RTÉ Awards". RTÉ website. RTÉ. 13. januar 2009. http://www.rte.ie/about/awards/celtic09%20nominees.html.
- ↑ "Cornish Branch". Celtic Congress website. Celtic Congress. 29. november 2006. http://www.evertype.com/celtcong/cc-branch-con-en.html.
- ↑ "BBC - Irish - Tionchar na gCeilteach". BBC Northern Ireland website. BBC. 24. april 2009. http://www.bbc.co.uk/irish/articles/view/720/english/.
- ↑ "Welsh Assembly Government - Celtic countries connect with contemporary Cymru". Welsh Assembly Government website. Welsh Assembly Government. 13. mai 2008. http://wales.gov.uk/news/topic/officefirstminister/2008/2372569/;jsessionid=2HxQKNPNwtyLzpl2VLlsysLyGVVhyMybcd94RlxXDyZHG6VpJbjP!1298896870?lang=en.
- ↑ "The Cornish Språk Development Project - Evaluation - Final Report, s. 20". Hywel Evans, Aric Lacoste / ERS. http://www.magakernow.org.uk/CHttpHandler.ashx?id=41357&p=0. Henta 2009-09-17.
- ↑ "Blair gets Cornish assembly call". BBC. 11. desember 2001. http://news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/england/1704112.stm.
- ↑ Payton, Philip (1996). Cornwall. Fowey: Alexander Associates. ISBN 1-8995-2660-9. Google Books)
- ↑ Halliday, F. E. (1959) A History of Cornwall, London: Duckworth, ISBN 1-84232-123-4, s. 51.
- ↑ Halliday, s. 52.
- ↑ Pre Norman Conquest Cornwall
- ↑ Keynes, Simon; Lapidge, Michael (tr.) (1983), Alfred the Great: Asser's Life of King Alfred and other contemporary sources, London, Penguin Books, s. 175; cf. ibid, s. 89
- ↑ Williams, Ann og Martin, G. H. (2002) (tr.) Domesday Book - a complete translation, London, Penguin, s. 341-357
- ↑ Payton (1998) Cornwall, s. 100-108
|
|
||
|---|---|---|
| Bedfordshire · Berkshire · City of Bristol · Buckinghamshire · Cambridgeshire · Cheshire · Cornwall · Cumbria · Derbyshire · Devon · Dorset · Durham · East Riding of Yorkshire · East Sussex · Essex · Gloucestershire · Hampshire · Herefordshire · Hertfordshire · Isle of Wight · Kent · Lancashire · Leicestershire · Lincolnshire · City of London · Merseyside · Norfolk · Northamptonshire · Northumberland · North Yorkshire · Nottinghamshire · Oxfordshire · Rutland · Shropshire · Somerset · South Yorkshire · Staffordshire · Stor-London · Stor-Manchester · Suffolk · Surrey · Tyne and Wear · Warwickshire · West Midlands · West Sussex · West Yorkshire · Wiltshire · Worcestershire | ||
