Grimsting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grimsting er eit honnørord brukt om personar frå Grimstad-slekta frå Hareid kommune. Det kan visa til «ein person som er sjøltrygg og ikkje er redd for å stikke seg ut.»[1]

Grimstingar kan vera kjenneteikna med stor kulturinteresse. Mest kjende var dei som korsongarar. Dei har sitt eige kor, Grimstadkoret, der dei som er av slekta og inngifte er med. Folk frå denne slekta er ofte brukte som syttandemaitalarar i nærområdet. Dei er representantar for motkulturane, som stod sterkt på Sunnmøre tidlegare. Johan H. Grimstad starta Hareidstemna, som er ei veke med kultur på Hareid kvar haust. Arne O. Grimstad forfattar og NRK-mann. Han var ivrig debattant på nei-sida i striden om norsk medlemsskap i EU. Arnljot Grimstad har skrive bøker, skodespel, og var ein av stiftarane bak Kongens Ring. Oskar Grimstad har vore stortingsrepresentant for Framstegspartiet i Møre og Romsdal. Leif Arne Grimstad er forfattar. Ivar Grimstad var forfattar og redaktør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting», issuu, henta 8. oktober 2020