Framstegspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Framstegspartiet (fleirtyding).
Framstegspartiet
Partileiar: Siv Jensen
Oppretta: 1973
Ideologi: Liberalisme
Farge: Blå
Hovudkontor: Youngstorget 1
0181 Oslo
Epost: frp@frp.no
Nettstad: http://www.frp.no/
Ordførarar: 13
Kommunestyrerepresentantar: 1 459
Fylkestingsrepresentantar: 140
Stortingsrepresentantar: 24
Medlemstal: 22 000 (2005)
Ungdomsorganisasjon: Framstegspartiet sin Ungdom
Partiavis: Fremskritt
Internasjonal tilknyting: ?
Europeisk tilknyting: ?
Les òg: Norsk politikk
Norske parti
Norske røystingar

Framstegspartiet (FrP eller Frp, bokmål: Fremskrittspartiet) er eit liberalistisk høgreparti som byggjer sin politikk på den norske grunnlova og eit kriste livssyn.[1] Partiet står på mange område for ein konservativ politikk,[2] og ser på Høgre, nokre gonger òg Venstre og Kristeleg Folkeparti, som moglege regjeringspartnarar. Siv Jensen har sidan 2006 vore leiar. Ungdomsorganisasjonen til Framstegspartiet heiter Framstegspartiet sin Ungdom.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk er partiet ei vidareføring av Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep (kortform Anders Langes parti). ALP vart stifta i 1973 av den idealistiske kapitalisten og liberalisten Anders Lange under eit folkemøte på Saga kino i Oslo den 8. april med tittelen Vi er lei av og var til dels ein reaksjon på Borten-regjeringa si innføring av moms. Ved Stortingsvalet i 1973 fekk partiet inn 5 % av stemmene fire representantar på Stortinget. Desse fire var Anders Lange frå Oslo, Erik Gjems-Onstad frå Akershus, Harald Slettebø frå Hordaland og Erling Erland frå Rogaland.

I 1974 vart det første landsmøtet i partiet halde i Hjelmeland i Rogaland, og Anders Lange vart formelt vald til leiar. Sidan Lange døydde same året, laut Eivind Eckbo ta over leiinga av partiet fram til landsmøtet i 1975. Då vart Arve Lønnum vald til ny partiformann.

Dette året sokk tilslutnaden om partiet på meiningsmålingane og ei utbrytargruppe stifta Reformpartiet, som gjekk inn att i ALP året etter. Carl I. Hagen høyrte til denne utbrytargruppa. Under fylkesvalet i 1975 fekk partiet berre 1,4 % av stemmene på landsbasis.

Framstegspartiet har ei turbulent historie med eksklusjonar av medlemmer og splittingar av partiet. Partiet har tidlegare vore dominert av enkeltmenneske og hatt fleire uavhengige representantar på vallistene sine.

1977-1989[endre | endre wikiteksten]

Nedgangen heldt fram for det nye partiet, som såg ut til å verta endå eit kapittel i soga om små europeiske skattefiendtlege organisasjonar som ville forsvinna etter fåe år. Allereie i 1977 vart den første tillitsvalde i organisasjonen ekskludert. Erik Gjems Onstad sa offentleg at «Å røyste på ALP er å kaste bort røysta si» av di partiet hadde så låg tilslutnad. 29. januar 1977 endra partiet namn til Framstegspartiet. Ved stortingsvalet same året mista partiet alle stortingsmandata.

På landsmøtet i 1978 vart Framstegspartiet sin Ungdom (FpU) oppretta med Peter N. Myhre som leiar, og Carl I. Hagen vart vald til partiformann. Under valet i 1981 overraska partiet med å få fire representantar på Stortinget igjen. I vala etter 1981 er tilslutnaden om partiet gått opp og ned mellom t.d. to representantar i 1985 og heile 22 representantar i 1989.

1994 - no[endre | endre wikiteksten]

På landsmøtet i 1994 vart FrP delt i to fløyar, der eit stort mindretal ynskte at partiet skulle reindyrke den økonomiske liberalismen. Denne striden førte til at fleire tillitsvalde melde seg ut og danna partiet Fridemokratane, som framleis finst. Under EU-røystinga same året tilrådde landsstyret i FrP veljarane å røyste ja til EU, men gjorde ikkje noko meir aktivt i saka. I dag ynskjer partiet at det norske folket sjølv skal avgjere saka i ei folkerøysting.

I 2000 vart fleire medlemmer (mellom anna Dag Danielsen) i Oslo FrP ekskluderte etter at dei nekta å gjennomføre landsmøtet sitt vedtak om at formannskapet i partiet alltid skal stå øvst på stortingsvallistene i sine respektive fylkeslag. Stortingsrepresentanten Vidar Kleppe vart ekskludert på grunnlag av at han viste støtte til dei ekskluderte medlemmene. Dei ekskluderte medlemmene tapa det følgjande søksmålet mot partiet på alle punkt.

Same året vart «arveprinsen» (etter mediauttalar) i FrP, Terje Søviknes skulda for å ha valdteke ein medlem av FpU. Denne saka kulminerte i at Søviknes innrømde utruskap med ein kvinneleg medlem av FpU, og riksadvokaten la bort saka på grunnlag av at det ikkje var noko straffbart forhold. Etter kraftig medfart i media trekte Søviknes seg frå alle leiande verv i partiet, utanom ordførarrolla i Os kommune.

Mellom 2001 og 2005 stødde partiet regjeringsalliansen KrF, Venstre og Høgre, som soleis vart stødd av fleirtalet.

Ved fylkestingsvalet 2007 fekk partiet 18,5 % av røystene og ved stortingsvalet i 2009 fekk dei 22,9 %.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Framstegspartiet har ein økonomisk politikk som er basert på tradisjonell økonomisk liberalisme. Dei arbeider for eit samfunn med avgrensa offentleg makt og eit sterkare næringsliv som kan ta på seg fleire av dei oppgåvene som staten tek seg av i dag. Dei vil òg privatisere fleire offentlege verksemder, til dømes NRK. Det same næringslivet skal, til liks med enkeltmenneska, påleggjast færrast mogleg økonomiske avgrensingar av staten. Til dømes skal ikkje lova hindre ei bedrift å inngå arbeidsavtalar med sine tilsette som pålegg dei 12 timar lange arbeidsdagar, dersom arbeidstakarane friviljug aksepterer desse.

«For folk flest»[endre | endre wikiteksten]

Framstegspartiet har teke opp i seg mange av dei antiautoritære og sentrumsskeptiske grunnstemningane som finst blant folk flest. Røynslene til vanlege folk vert sette framfor oppfatningane til den politiske, byråkratiske og kulturelle eliten. Slik argumenterer partiet til dømes for større bruk av oljepengar, lågare avgifter og friare bruk av motorkøyretøy. Når partiet i framlegg og ordskifte legg vekt på å fremje folkelege synspunkt, framstår partiet ofte som populistisk.

Tilhøve til staten[endre | endre wikiteksten]

Framstegspartiet ynskjer å kutte i statlege utgifter og ha lågare skattar og avgifter for borgarane i Noreg. FrP meiner at staten har ansvar for å sikre borgarane sine ein minste levestandard, men at pliktene til staten ikkje går utover akkurat det når det gjeld sosialpolitikk. Middel til oppfylling av staten sin sosialpolitikk skal hovudsakleg koma gjennom skattlegging av forbruk, ikkje inntekt, samstundes som skattenivået skal liggja så lågt som mogeleg.

Dei oppgåvene FrP meiner at staten skal ha ansvar for, er:

Økonomisk politikk[endre | endre wikiteksten]

Den økonomiske politikken er langt på veg grunna i at marknaden styrer seg best sjølv. Ein marknad med færrast mogleg avgrensingar skal kanalisere kapitalen dit han trengst, utan at staten dirigerer nemneverdig med lover, skattar eller avgifter. FrP har gått inn for å bruke meir av oljepengane og dei ynskjer å kvitte seg med handlingsregelen, noko som har ført til protestar frå andre parti.[3]

Innvandringspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Framstegspartiet arbeider for ei kraftig innskrenking av innvandringspolitikken i Noreg, slik at dei som verkeleg treng vern, skal få bli. FrP ser på integrering av innvandrarar som ei av sine viktigaste saker.

Tilhøve til nasjonalismen[endre | endre wikiteksten]

FrP har vorte skulda for å spele på nasjonalistisk og religiøse straumdrag.[4] Det nokre oppfattar som høgreliberalisme vert av andre sett på som høgreekstremisme.[5] FrP sitt tilhøve til nasjonalismen og motviljen mot andre kulturar har ført til at Venstre og Kristeleg Folkeparti tidlegare har avvist regjeringsamarbeid med partiet.[6][treng kjelde]

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Formenn (1973–2009)[endre | endre wikiteksten]

Periode Formann
19731974 Anders Lange
19741975 Eivind Eckbo
19751978 Arve Lønnum
19782006 Carl I. Hagen
20062009 Siv Jensen

Leiarar 2009–[endre | endre wikiteksten]

Periode Partileiar
2009 Siv Jensen

Parlamentariske leiarar[endre | endre wikiteksten]

Periode Parlamentarisk leiar
19731974 Anders Lange
19741976 Erik Gjems-Onstad
19761977 Harald Slettebø
19812005 Carl I. Hagen
2005 Siv Jensen

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Oppslutning ved stortingsval 1973-2005[endre | endre wikiteksten]

Årstal Prosent av røystene Tal på stortingsrepresentantar
1973 ¹ 5,0 % 4
1977 1,9 % 0
1981 4,5 % 4
1985 3,7 % 2
1989 13,0 % 22
1993 6,3 % 10
1997 15,3 % 25
2001 14,6 % 26
2005 22,1 % 38
2009 22,9 % 41

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]