Grip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsikt mot Grip. (Foto: Frode Inge Helland, 1967)
Gateparti frå Grip. (Foto: Frode Inge Helland, 1967)
Grip is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Grip

Grip er eit lite fiskevær rett nord for Kristiansund og vestanfor Smøla og TustnaNordmøre. Grip vart oppretta som eigen kommune i 1897, men vart i 1964 innlemma i Kristiansund kommune. Grip var den minste kommunen i landet etter folketal. Ved samanslåinga var det 104 menneske som budde på Grip.[1] Dei siste fastbuande forlét henne i 1974. No er det ingen fastbuande på øya, men ho er mykje brukt som ferieplass om sommaren.

Grip er mellom anna kjend for sitt historiske minnesmerke Grip kyrkje — ei stavkyrkje som vart bygd ein gong på 1400-talet. Her er òg eit fyrtårn som vart bygd i 1888.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Grip kommune frå 1897 til 1964:

1.1.1897[1] 1910[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1964[1]
198 187 242 270 224 191 132 104

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd på Grip 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå