Smøla kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Smøla)
Gå til: navigering, søk
Smøla kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1573
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Hopen
Areal 284 km²
Folkemengd 2 180 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Roger Olsen (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.smola.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1573.svg
Smøla kommune på Commons

Smøla er ein øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Over Ramsøyfjorden i aust ligg øya og kommunen Hitra, og over Edøyfjorden i sør ligg Aure og Tustna. Ein person frå Smøla blir kalla «smølaværing» eller «smølværing».

Kommunevåpenet frå 1989 viser to oppflygande sølvmåsar på raud bakgrunn.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen er den nordlegaste på Nordmøre. Han ligg tre mil nord for Kristiansund.[3] Heile kommunen omfattar over 5 800 øyar, holmar og skjer. Den største øya, Fast-Smøla, dekkjer 214 km² av den totale flatevidda av kommunen på 275 km².[4]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste næringane i kommunen er landbruk og fiske, men sørvisnæringane har hatt aukande omfang.[4] Smøla vart den fyrste store vindkraftkommunen med opninga av Smøla vindpark i i 2002. Smøla vindpark II vart opna i 2005.[3] Reiselivsnæringa har òg vorte viktig.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

KulisteinenKuløya er ein godt ivareteken runestein som nemner kristninga av Noreg, og er den eldste kjende skriftlege bruken av namnet «Noreg».[3]

Gamle Edøy kyrkjeEdøya vart bygd på 1100-talet.[3]

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Kommunen hadde 2 180 innbyggjarar den 1. januar 2013.[4]

Folketalsutvikling for noverande Smøla kommune frå 1874:
1.1.1874[5] 1900[6] 1.12.1920[7] 1.12.1930[8] 3.12.1946[8] 1.1.1951[9][10][11] 1.1.1961[9] 1.1.1971[9] 1.1.1981[9] 1.1.1991[9] 1.1.2001[9] 1.1.2010[9]
2366 3380 3642 3944 4258 4180 3996 3389 3081 2697 2407 2143

Kjende smølaværingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. «Smølas kommunevåpen - "I rødt to flygende måker i sølv"», smola.kommune.no
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Smøla - et overblikk», smola.kommune.no
  4. 4,0 4,1 4,2 «Smøla – øy i et hav av muligheter.», smola.kommune.no
  5. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  6. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data
  7. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  8. 8,0 8,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 Folkemengd i Edøy/Smøla 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  10. Folkemengd i Brattvær 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  11. Folkemengd i Hopen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.