Großglockner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 47°04.492′N 12°41.715′E
Großglockner
fjell
none  Grossglockner frå sørvest
Grossglockner frå sørvest
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Region Kärnten og Tirol
Fjellkjede Hohe Tauern
høgd 3 798 moh
skardhøgd 2 423 m
koordinatar 47°04.492′N 12°41.715′E
Førstestiging av Franz-Xaver Salm-Raifferscheid
 - dato 1800
Austria location map.svg
Locator Red.svg

Großglockner er eit 3 798 meter høgt fjell, det høgaste i Austerrike og det høgaste fjellet i Alpane aust for Brennerpasset. Fjellet har den nest høgaste primærfaktoren (høgda frå foten av sjøve fjellet til toppen) i Alpane etter Mont Blanc.

Großglockner ligg på grensa mellom delstatane Kärnten og Tirol, og er den høgaste toppen i Glocknergruppa, ei gruppe fjell som dannar hovudryggen i fjellkjeda Hohe Tauern. Toppen sjølv ligg på Glocknerryggen, som strekkjer seg sørover frå hovudryggen. Pasterze, den største isbreen i Austerrike, ligg ved foten av Großglockner.

Den karakteristiske pyramide-forma består faktisk av to tindar, Großglockner og Kleinglockner (3 700 m) (klein = liten på tysk), og mellom dei ligg eit salforma områda kalla Glocknerscharte.

Første gong ein prøvde å nå toppen av Großglockner var i 1799, men det gjekk gale. Sommaren 1800 prøvde ein ny ekspedisjon, organisert av Franz-Xaver Salm-Raifferscheid, fyrstbiskopen av Gurk: 62 personar, deriblant 47 guidar, tok del. Den gamle hytta Salmhütte, ved 2 750 m vart bygd for spesielt som ly for ekspedisjonen. 28. juli 1800 tok brørna Martin og Sepp Klotz, i lag med to snikkarar og ein prest frå Dölsach kalla Horasch, seg til topps ved å gå vegen kalla Hohenwartscharte.

Det finst òg ei direkte klatrerute frå Pasterze-isbreen til Glocknerscharte gjennom Pallavicinidalen. Alfred Pallavicini var den første til å klatre denne ruta i 1876 med tre fjellførarar frå Heiligenblut.

Den naturskjønne hovudvegen Großglockner-Hochalpenstraße mellom Heiligenblut og Fusch vart bygd ferdig mellom 1930 og 1935, og nådde ei høgd på 2 572 m.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Großglockner

Datagenerete virtuelle panoramabilete