Gurk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gurk
Utspring Gurksee og Torersee i Gurktaleralpane
- Høgd 1 970 m (Gurksee)
2 010 m (Torersee)
Munning I elva Drava
Land i nedslagsfelt Austerrike
Lengd 120 km
Nedslagsfelt 2 581,63 km²
Sideelvar Görtschitz, Metnitzog og Glan

Gurk (slovensk: Krka) er ei elv i delstaten Kärnten i Austerrike, og er den nest lengste elva i delstaten etter Drava.

Ho er ei av dei nordlege sideelevene til Drava, og renn 120 km frå Nockfjella, nær grensa mellom delstatane Steiermark og Kärnten. Kjelda er to små innsjøar, Gurksee og Torersee, som ligg i to dalgryter. Gurksee ligg på 1 970 m over havet, og har eit areal på 0,4 hektar, og er 1,5 m djup, medan Torersee ligg 2 010 m over havet, er 0,35 hektar stort og er 1,2 m djupt. Sidan begge innsjøane frys heilt til om vinteren inneheld dei ikkje fisk.

Elva renn austover gjennom Gurktal. Nær Straßburg snur ho sørover og renn inn i Drava mellom Klagenfurt og Völkermarkt. Av sidelver har ho Görtschitz, Metnitzog og Glan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • W. Honsig-Erlenburg, G. Wieser: Die Gurk und ihre Seitengewässer. Verlag des Naturwissenschaftlichen Vereins für Kärnten, Klagenfurt 1997, ISBN 3-85328-009-9