Großlitzner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°53′10.9″N 10°02′18.6″E
Großlitzner
fjell
none  Großlitzner (høgre) og Große Seehorn (bak til venstre) sett frå søraust
Großlitzner (høgre) og Große Seehorn (bak til venstre) sett frå søraust
Land Flag of Switzerland.svg Sveits, Flag of Austria.svg Austerrike
Fjellkjede Silvretta
høgd 3 109 moh
skardhøgd 109 m ↓ Gross Seehorn
koordinatar 46°53′10.9″N 10°02′18.6″E
Førstestiging av Jules Jacot, Christian Jann, A. Schlegel
 - dato 12. september 1866
Alps location map.png
Locator Red.svg

Großlitzner er ein 3 109 meter høg og markant fjelltopp i Silvrettafjella. Grensa mellom Sveits og Austerrike går over toppen. Kantonen Graubünden og forbundslandet Vorarlberg ligg på kvar si side av statsgrensa.

Fyrstebestiginga hende 12. september 1866, og dei tre som då var toppen var Jules Jacot og dei to førarane hans, Christian Jann og A. Schlegel.

Großlitzner vert rekna som det gildaste klatrefjellet av toppane i Silvrettafjella. På nordsida ligg isbreen Litzner-Gletscher, tett utanfor denne står fjellhytta Saarbrücker Hütte. Sett frå så vel aust som vest syner Großlitzner seg som eit slankt og loddrett oppstigande bergtårn.

Große Seehorn og Großlitzner, som er knytt til einannan over den 2960 m høge egga/fjellryggen kalla Litzner-Hochjoch, vert haldne for å vere det vakrast fjellparet i Silvrettafjella.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]