Grosgrain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærbilde av eit stykke grosgrain-band. Ribbene på tvers av lengda til bandet er det som kjenneteikner stoffet.
Grosgrain-band i ulike fargar og breidder.

Grosgrain er eit tjukt, sterkt stoff med ein ribba overflate.[1][2] Det er ein tett vevnad i lerretsbinding med ribber danna på tvers av stoffet av di innslaget er tyngre enn renninga.[3][4] Ordet «grosgrain» kjem frå fransk gros grain, 'grov struktur'.[5]

Grosgrain blir typisk laga med renning av silke eller kunststoff som rayon.[6] Til innslag kan ein bruka same type stoff eller eit anna, som bomull. Ein kan også laga heile stoffet i bomull.[7]

Stoffet blir ofte laga i smale band, men kan også vera breiare. Det blir mykje brukt som hatteband, men kan også brukast til slips, kanting og dekorasjon.[7]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thompson, Eliza Bailey (1922). Silk. The Ronald press company. s. 134–135. Henta 10. juli 2009. 
  2. Cappelens store engelsk-norsk ordbok. Cappelen. 1988. ISBN 8257406570. 
  3. Montgomery, Florence M.; Linda Eaton (2007). Textiles in America, 1650-1870. W. W. Norton & Company. s. 252. ISBN 0-393-73224-X. Henta 10. juli 2009. 
  4. Kate Heinz Watson, Textiles and Clothing American School of Home Economics, Chicago: 1907: pp 91 [1]
  5. Stevenson, Angus; Christine A. Lindberg, red. (2010). «grosgrain». New Oxford American Dictionary. Oxford University Press. 
  6. Stevenson, Angus; Christine A. Lindberg, red. (2010). «grosgrain». New Oxford American Dictionary. Oxford University Press. 
  7. 7,0 7,1 Tortora, Phyllis G.; Johnson, Ingrid (17. september 2013), The Fairchild Books Dictionary of Textiles (på engelsk), A&C Black, ISBN 9781609015350, henta 16. juni 2019