Silke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg namnet Silke
Kokongen til silkeormen.

Silke er eit naturleg proteinfiber som kjem frå kokongen til silkeormen, ein sommarfugl som lever på morbærblad. Fiberet blir brukt til å laga tynn, skinnande tråd og klede. Materialet er luksuriøst og har i lang tid vore ei ettertrakta handelsvare.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kinesisk veggteppe i silke frå Song-dynastiet, laga på 900- eller 1000-talet.

Framstillinga av silke blei utvikla i Kina, kanskje så tidleg som 6000 f.Kr og heilt sikkert 3000 f.Kr. Soger fortel at keisarinna Xi Ling Shi gjorde oppdaginga, noko som kan vera ein forklaringshistorie på at det opphavleg var keisaren som bar silkeklede. Med tida spreidde bruken seg til andre samfunnslag i Kina og til andre delar av Asia. Handel med det ettetrakta stoffet gjekk føre seg langs Silkevegen, ei rekke karavanerute mellom Kina, India, Midtausten og Europa.

Kina heldt lenge framstillingsmåten løynd, men rundt 300 f.Kr. kom kunna til Korea, og rundt 550 klarte kristne munkar å smugla levande pupper til Byzantium. Her sette ein straks i gang silkeproduksjon, men stadig som eit statsmonopol. I løpet av mellomalderen spreidde produksjonen seg til fleire land, og seinare har land som India, Italia og USA produsert mykje silke.

Under andre verdskrigen var det mangel på silke til føremål som framstilling av fallsjermar, og ein leita etter alternativ. Det førte til oppfinninga av erstatningsstoff som nylon.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Vanleg silke blir framstilt av silkeormar som et morbærblad. Dei pupper seg i kokongar som er rundt 4 cm lange, laga av tynn tråd på rundt 1 km. Puppene blir typisk kokte i vatn for å drepa larvane, men ein kan også klippa opp kokongen uten å skada larven og slik få «vegetarisk» silke, noko som gjev kortare trådar. Ein hesper så opp trådane, vanlegvis 10-15 trådar saman. Etter hespinga koker ein av proteinet sericin som klistrar saman trådane.

Villsilke blir laga av andre larvar som lever vilt. Dei et ulike typar mat som kan gjera silken alt frå kvit til mørkegrå, beige eller gul. Ein kan ikkje koka sericinet av denne silken, og tråden blir derfor grovare og meir ujamn enn morbærsilken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.