Groznyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Groznyj
Грозный
Byvåpenet til Groznyj
Byvåpenet til Groznyj


Plassering
Groznyj is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Tsjetsjenia
Grunnlagd
Bystatus
1818
desember 1869
Borgarmeister Muslim Khuttsjijev
Geografi
Flatevidd
 - By

2 996 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

222 000
  74,1 /km²
Koordinatar 43°19′0″N 45°42′0″EKoordinatar: 43°19′0″N 45°42′0″E
Høgd over havet 130 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 364000–364068
Retningsnummer (tlf) (+7)8712
Nettstad: www.grozmer.ru/

Groznyj (russisk: Гро́зный, tsjetsjensk: Соьлжa-ГІала – Solj Ghaala) er hovudstaden i den russiske republikken Tsjetsjenia.

I 1992 hadde byen om lag 480 000 innbyggjarar, men etter to krigar og meir enn ti års samanhengande uro er byen i ruinar og folketalet meir enn halvert (222 000 i 2007).

Groznyj vart grunnlagt av russarane i 1818 som eitt av fleire fort langs elva Sunzja. Staden var ein søvnig utpost fram til kommersiell oljeproduksjon kom i gang i 1883. Det var starten på ei rivande utvikling av byen som utvikla seg til eit senter for oljeindustrien i eit større område, med raffineri, produksjonsbedrifter og serviceverksemd tilknytta oljeproduksjonen. Produksjonen toppa seg i 1932 då Groznyjfelta utgjorde 1/3 av sovjetisk oljeproduksjon. I dag ligg oljeindustrien i ruinar, saman med det meste av tsjetsjensk økonomi.

I desember 2005 vedtok den tsjetsjenske nasjonalforsamlinga einstemmig å endre namnet på byen til Akhmadkala som ei ærsvising til president Akhmad Kadyrov som vart drepen av terroristar i mai 2004, son hans Ramzan Kadyrov er den mektigaste mannen i Tsjetsjenia i dag. Motstandarar meiner at namneskiftet er ein del av oppbygginga av ein personkult rundt familien [1]. Namnetskifet må godkjennast av dei russiske styresmaktene, som ikkje har vore positive så langt[2].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Groznyj

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Personkult i Tsjetsjenia
  2. Ønskjer ikkje namneskifte