Sovjet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om det russiske omgrepet. For staten, sjå Sovjetunionen.

Sovjet er eit russisk ord som betyr råd eller forsamling. Sovjeta som politiske organ oppstod spontant under det russiske revolusjonsforsøket i 1905, etter at tsar-styret hadde vist kor duglaust det var under den russisk-japanske krigen i 1904-5. I hovudstaden St. Petersburg (sidan Petrograd, deretter Leningrad, no atter St. Petersburg) blei det oppretta eit felles bysovjet for dei mange lokale sovjeta arbeidarane oppretta rundt om i byen og på dei store bedriftene. Leiaren for bysovjetet var den unge revolusjonære sosialdemokraten Lev Trotskij.

Revolusjonen i 1905 blei slått ned med ei blanding av brutal makt og tilsynelatande reformer som etter ei tid blei trekte tilbake att. Tsarismen syntest sitje fast i sadelen.

Men første verdskrigen viste på ny og enda tydelegare kor veikt tsarstyret var attom den imponerande fasaden. I mars 1917 braut revolusjonen spontant ut på ny, og no nekta tsaren sine politisoldatar å slå ned massane. Med di var det ikkje anna å gjere for tsaren å gå av, og landet fekk ei provisorisk liberal regjering. Samtidig gjenoppstod sovjeta, ikkje berre i hovudstaden Petrograd (som byen no heitte, frå 1914), men og i Moskva og andre byar. Både arbeidarar og soldatar danna sovjet. Nokre bondesovjet kom etter kvart på landsbygda og.

Petrograd bysovjet var i røynda ei parallell regjering, dei hadde ein dobbeltmaktsituasjon, iallfall i hovudstaden. Dette var ikkje noko problem så lenge dei to var samde, men da regjeringa ikkje ville avslutte krigføringa, og store delar av folket til liks med Petrogradsovjetet ville ha fred (og med det få orden på matforsyninga att), blei stoda stendig meir problematisk. Tsar-loyale generalar prøvde dessutan på militærkupp mot både regjeringa og sovjeta. På hausten 1917 hadde bolsjevikane fått fleirtal i dei største bysovjeta fordi dei framstod som mest mot krigen, medan mensjevikane var splitta. Bolsjevikleiaren Vladimir Lenin gjekk sterkt inn for å utnytte denne situasjonen til å styrte regjeringa, under parolane: "Fred, brød, jord" og "All makt til sovjeta!".

Den 7. november (25. oktober etter gammal russisk tidsrekning), gjorde væpna avdelingar av bolsjevikar ("raude gardar") kupp i Petrograd, og regjeringa fall mesta utan sverdslag. Sovjetkongressen som møttest samtidig, hadde bolsjevikisk fleirtal og godkjende kuppet og den bolsjevikiske regjeringa som no styrte i sovjeta sitt namn.

Sovjeta mista det meste av den reelle makta si i åra som følgde, fordi landet frå ca 1920 blei ein eittpartistat og fraksjonar attpåtil blei forbodne i partiet. Med det blei makta stendig meir konsentrert i sentralkomiteen i bolsjevikpartiet (kommunistpartiet), og sovjeta blei sandpåstrøingsorgan som berre kunne applaudere det partileiarane hadde bestemt. Og med Josef Stalin ved makta berre det leiaren i eintal hadde bestemt.

Likevel gav sovjeta namn til staten bolsjevikane skapte, Sambandet av Sosialistiske Sovjet-Republikkar, CCCP/SSSR, eller kortare, Sovjetunionen. I uformell skandinavisk tale er berre ordet «Sovjet» åleine også blitt bruka som namn på denne staten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]