Gruppa Vesna
Gruppa Vesna | |||
| |||
Aktiv | 2016– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | folkemusikk |
Vesna er eit tsjekkisk folkband, etablert i Praha i 2016. Bandet har seks medlemmar og representerte Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool med songen «My Sister's Crown».[1]
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Byrjinga (2016)[endre | endre wikiteksten]
I 2016 drøymte frontfiguren til bandet, Patricie Kaňok Fuxová, å etablere eit band med berre kvinnelege medlemmar. Som student ved Jaroslav Ježek-konservatoriet i Praha møtte Fuxová fiolinisten Bára Juránková og fløytespelarane Andrea Šulcová og Tanita Yanková.[2]
Bandet skulle hylle og feire femininitet og slavisk systerskap. Bandet blandar tsjekkisk folkemusikk med moderne sjangrar som pop, men ifølgje Fuxová ser ikkje Vesna seg som eit folkband: «Eg ser ikkje på det vi gjer med Vesna som folklore, det er ikkje folkesongar. Slik eg ser det, tek songane våre opp desse stereotypiane.»[2]
Pátá bohyně (2018)[endre | endre wikiteksten]
I 2018 forlot Šulcová og Yankovová bandet og blei erstatta med pianisten Olesia Otsjepovskaja og trommespelar Markéta Mužátková. Same år gav bandet ut sitt fyrste studioalbum, Pátá bohyně (Den femte gudinna). I eit intervju med det tsjekkiske musikkmagasinet Týden, fortalde Fuxová at albumet var inspirert av sjølvopplevde hendingar og tsjekkiske historier og eventyr.[3]
Albumet vann prisen for «årets oppdaging» under den tsjekkiske musikkprisutdelinga Ceny Anděl 2018.[4]
Anima (2020)[endre | endre wikiteksten]
Under koronapandemien starta bandet arbeidet og innspelinga av oppfølgjaralbumet Anima. Albumet handla om tema som forholdet mellom menn og kvinner, og om kvinnekroppen.[5]
Eurovision Song Contest (2023)[endre | endre wikiteksten]
I januar 2023 blei Vesna kunngjort som ein av seks deltakarar i ESCZ 2023, den tsjekkiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023.[6][7] Resultatet blei avslørt 7. februar 2023, og bandet vann klårt med 10 584 røyster – 6367 røyster meir enn andreplassen.[8] Med sigeren fekk bandet representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest, der dei enda på tiandeplass – den nest beste plasseringa til Tsjekkia siden debuten i 2007.[9][10][11]
Besetning[endre | endre wikiteksten]
Noverande medlemmar[endre | endre wikiteksten]
- Patricie Kaňok Fuxová (2016–) – vokal
- Bára Juránková (2016–) – vokal, fiolin
- Olesia Otsjepovskaja (2018–) – piano
- Markéta Mužátková (2018–) – trommer, vokal, gitar
- Tereza Čepková (2019–) – bassgitar[6][12]
Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]
- Andrea Šulcová (2016–18) – fløyte
- Tanita Yankova (2016–18; 2023) – vokal, fløyte, piano
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Farren, Neil (7. februar 2023). «Czech Republic: Vesna to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 10. februar 2023.
- ↑ 2,0 2,1 «Abyse každá žena cítila jako bohyně, přeje si dívčí kapela Vesna». iDNES.cz (på tsjekkisk). 9. juni 2018. Henta 10. februar 2023.
- ↑ «Vesnapředstavila debutové album Pátá bohyně». TÝDEN.cz (på tsjekkisk). 21. november 2018. Henta 10. februar 2023.
- ↑ «Nejvícnominací na Anděly mají Barbora Poláková, Lucie a Kapitán Demo». iDNES.cz (på tsjekkisk). 23. januar 2019. Henta 10. februar 2023.
- ↑ iReport.cz. «ROZHOVOR| Vesna: Začíná být zřejmé, že je to pěknej průser». iREPORT – music&style magazine (på tsjekkisk). Henta 10. februar 2023.
- ↑ 6,0 6,1 Martin, Olivia (20. april 2023). «Eurovision2023 Czechia profile: 'My Sister's Crown' by Vesna». Aussievision. Henta 17. juli 2023.
- ↑ «CzechRepublic: ESCZ 2023 lineup revealed». eurovision.tv (på engelsk). 16. januar 2023. Henta 10. februar 2023.
- ↑ «ESCZ2023: The Results | Live Stream | Czech Republic National Final | Eurovision 2023». eurovision.tv (på engelsk). Henta 10. februar 2023.
- ↑ «CzechRepublic: Vesna to Eurovision 2023 with "My Sister's Crown"». Eurovisionworld (på engelsk). 7. februar 2023. Henta 10. februar 2023.
- ↑ «Vesna». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.
- ↑ «Czechia». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.
- ↑ Mariani, Cristiana (9. mai 2023). «Chisono le Vesna, band che porta la Repubblica Ceca all'Eurovision Song Contest 2023» [Who Vesna are: the band bringing the Czech Republic to the Eurovision Song Contest 2023]. Quotidiano Nazionale (på italiensk). Henta 17. juli 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Vesna (band)» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2023.