Liverpool

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Liverpool

Med klokka frå øvst til venstre: Cavern Club, Three Graces i Pier Head (Liver Building, Cunard Building og Port of Liverpool Building), horisonten i handelsdistriktet til Liverpool, Albert Dock og St George's Hall
Med klokka frå øvst til venstre: Cavern Club, Three Graces i Pier Head (Liver Building, Cunard Building og Port of Liverpool Building), horisonten i handelsdistriktet til Liverpool, Albert Dock og St George's Hall
Byvåpenet til
Byvåpenet til
Kallenamn
«The Pool, The World In One City»
Plassering
Liverpool is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Merseyside
Grunnlagd 1207
Borgarmeister Joe Anderson
Geografi
Flatevidd
 - By

111,84 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

434 900
  3 888,6 /km²
816 900
1 103 089
Koordinatar 53°24′″N 2°59′″WKoordinatar: 53°24′″N 2°59′″W
Høgd over havet 70 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer L
Telefon-retningsnummer 0151
Nettstad: www.liverpool.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Liverpool

Liverpool [ˈlɪvəpuːl] er ein by vest i England. Byen ligg ikkje så veldig langt frå grensa til Wales, på nordsida av fjorden som vert danna av elva Mersey.

Byen er ein av fem sameinte styresmakter i Merseyside. Desse dannar i praksis eit samanhengande urbant område, med ein folkesetnad på ca. 1,36 millionar, der Liverpool har ca. 435 000 (2007). Innbyggjarane blir kalla Liverpudlians eller Scousers. I London vert dei ofte kalla Mickeys eller Mickey Mousers, som er eit Cockney-rimslag (Scouser   Mickey Mouser). Deira eige talemål vert kalla Scouse.

Liverpool er den nest største eksporthamna i Storbritannia. Han har ein god del industri, men er prega av industrinedlegging gjennom 1900-talet. Mellom dei mest kjende folka frå byen er dei som var med i musikkgruppa The Beatles. Liverpool har to store fotballag; Liverpool F.C., med heimebane på Anfield og Everton F.C. med heimebane på Goodison Park. I 2008 var Liverpool europeisk kulturhovudstad, samstundes med Stavanger.

Historie[endre | endre wikiteksten]

The Three Graces i Liverpool, september 2004.

I 1190 vart stadnamnet skrive ned som Liuerpul, som tyder ein pøl med gjørmete vatn. Det er mogleg at namnet opphavleg kjem frå elverpool, åleelva, ein referanse til at det er mykje ål i Mersey. Norske vikingar oppfatta namnet som Hlidarpoll, moderne norsk Lierpoll, altså liene ved det stille vatnet.

Den eigenlege grunnlegginga av byen blir gjerne datert til august 1207, då Liverpool fekk charter som hamn og vart ein valkrets. Han var først ei militærhamn, der ein utskipa troppar til Irland. Liverpool slott vart bygd på denne tida; slottet vart fullt fjerna i 1726. Byen var liten og uviktig i lang tid; på 1500-talet var det berre omkring 500 innbyggjarar, og området var underlagt Chester heilt til 1650-åra. Under borgarkrigen vart det fleire gonger kjempa om byen, blant anna i ei 18 dagar lang kringsetjing i 1644.

Etter dette voks byen sakte, utan nokre merkverdige hendingar. I 1698 fekk borgarane løyve frå parlamentet til å byggje ei ny kyrkje. Dette var eit signal om at noko er i ferd med å skje, og ein ser at folkesetnaden byrjar å vekse raskt utover 1700-talet. Dette skuldast mykje at handelen med Vestindia i stor grad gjekk gjennom Liverpool. Den første våtdokken i England vart konstruert i Liverpool i 1715. Slavehandelen førde òg til rikdom, og byen har ein folkegruppe av afrikansk opphav som kan spore anane sine tilbake til denne tida. På byrjinga av 1800-talet gjekk omkring 40 % av handelen i verda over hamna i Liverpool.

På 1800-talet voks byen raskt, og fleire store bygningar vart reist. Mellom 1801 og 1841 vart innbyggjartala til byen meir enn tredobla. Etter hungersnauden i Irland i 1845 emigrerte rundt 500 000 irar til Liverpool, der over 100 000 vart verande, noko som har gjeve Liverpool ein av dei største katolske minoritetane i England. Òg seinare har Liverpool vore eit ynda mål for irar som har ynskt å busetje seg i England. Byen fekk status som city i 1880.

På den første halvdelen av 1900-talet fortsette byen å ekspandere. Det kom mange innvandrarar frå andre europeiske land. Ei vandrehistorie om at Adolf Hitler skal ha budd i byen saman med systera si reknast ikkje som sann av historikarar. Mange walisarar flytta òg til Liverpool i denne perioden; så mange at byen nokre gonger vart kalla «hovudstaden i Nord-Wales». Den nasjonale Eisteddfod, den viktigaste walisiske kulturmønstringa, vart halde i Liverpool i 1884, 1900 og 1929. I 1930 kom byen opp i ein folkesetnad på 850 000.

Under andre verdskrigen var det 80 luftåtak mot Merseyside. Den vondaste perioden var i mai 1941, då det var jamlege angrep på hamna i Liverpool i nestan ei veke. Omkring 2 500 vart drepne, og omkring halvparten av heimane i byområdet vart skadd; 11 000 heimar vart heilt øydelagde.

Etter krigen følgde ein stor gjenoppbyggingsperiode. Dette omfatta nye bustadområde, og Seaforth Dock, det største hamneprosjektet i Storbritannia. Men frå 1950-åra hadde byen lide under nedleggingar i industrien, og i 1985 hadde folketalet falle ned til 460 000.

Historisk var Liverpool ein del av grevskapet Lancashire, men byen vart sjølvstyrt i 1888. I 1974 vart grevskapet Merseyside oppretta. Dette vart i så oppløyst som administrativ eining i 1986. Ei viktig årsak til skipinga av fem sameinte styresmakter i staden for det administrative grevskapet var at Militants, ein fraksjon innan Labour Party hadde teke politisk kontroll over fleire område; ved å leggje om styresettet kunne ein endre på dette.

I 1989 vart 96 Liverpool-fans drepne eller alvorleg skadd under Hillsboroughkatastrofen under ein fotballkamp i Sheffield. Tragedien førde til endringar på tribunane britiske fotballbaner, for å unngå gjentakingar. I 1993 var byen igjen i sjokk etter at to ti år gamle gutar, Jon Venables og Robert Thompson, drap to år gamle James Bulger.

Katedralar[endre | endre wikiteksten]

Liverpool Metropolitian Cathedral

Byen har den nyaste anglikanske katedralen i England, Liverpoolkatedralen. Han vart påbyrja i 1904, men to verdskrigar førde til forseinkingar, og han stod ikkje ferdig før i 1978. Byen har òg ein ny katolsk katedral, Liverpool Metropolitan Cathedral, som stod ferdig i 1967. Gata som ligg mellom den anglikanske og den katolske katedralen, heiter forresten 'Hope Street'.

Matthew Street[endre | endre wikiteksten]

I sentrum av byen ligg gata Matthew Street, der ein av dei mest kjende utestadane i verda, 'The Cavern Club', ligg. Det var her The Beatles gjorde mange framferder, før dei vart kjende.

Kvar haust, dei siste åra, så har det vorte arrangert ein utandørs musikkfestival i byen. Under festivalen, som blir kalla 'The Matthew Street Festival', spelar mange kjende og ukjende band gratis, på ulike utandørsscener rundt omkring i byen.

Liverpool Pier Head[endre | endre wikiteksten]

Liverpool Pier Head

Det mest kjende landemerket i Liverpool er 'The Piar Head' eller 'Liverpool Waterfront', som det òg blir kalla. Dette er dei tre bygningane, The Liver Building, The Cunard Building og The Port of Liverpool Building.

Det var frå ein terminal i dette området, kalla 'The Prince's Landing Stage', at Amerika-båtane til The Cunard Line, og The White Star Line, gjekk frå. The White Star Line, som blant anna hadde skipa RMS «Titanic», vart seinare teke over av The Cunard Line. The Cunard Line, skifta då, i 1934, namn til The Cunard White Star Line, men skifta seinare namn tilbake igjen til The Cunard Line.

Utandørs kunst[endre | endre wikiteksten]

Eleanor Rigby
Superlambananas, 2010

Det er mange kjende utandørs kunstverk i Liverpool. Det mest kjende er kanskje 'Lambana' eller 'The Supar Lamb Banana', som det eigenleg heiter. Dette utandørs kunstverket, har stått rundt på fleire ulike stader på Merseyside, men står no i Tithebarn Street i Liverpool sentrum.

I Moorfields, ovanfor inngangen til Merseyrail lokaltogstasjonen med same namn, så er det eit kunstverk som heiter 'Turning the Place Over', frå 2007. Dette kunstverket er laga av ein skulptør ved namn Richard Wilson, og består av eit ovalt utsnitt, med ein diameter på åtte meter, av fasaden på ein bygning. Kunstverket er konstruert slik at fasadeutsnittet roterer, sånn at ein får sjå vekselsvis innsida og utsida av fasaden.

John Lennon Airport, så står det ein 'Yellow Submarine', ein gul ubåt, som i den kjende Beatles-songen og filmen. Og frå annan Beatles-song, 'Eleanor Rigby', så kan ein finne ein statue på benk, i Stanley Street, som ligg i enden av Matthew Street.

Avisar[endre | endre wikiteksten]

Liverpool har to aviser; «Liverpool Daily Post», som er ein morgonavis og «Liverpool Echo», som er ei kveldsavis. Dei to avisene er systeraviser; dei held til i same bygg og dei vert begge ått av avisgruppa Trinity Mirror pls. Trinity Mirror pls er den største britiske avisgruppa og det er òg dei som står bak den kjende avisa «The Daily Mirror».

Gratisavisa «Metro» har òg ei eiga Liverpool-utgåve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Liverpool