Tsjekkia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Česká republika

(norsk: Tsjekkia, tsjekkisk)

Det tsjekkiske flagget Det tsjekkiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Kde domov můj»
Motto Pravda vítězí. (Sanninga sigrar)
Geografisk plassering av Tsjekkia
Offisielle språk Tsjekkisk
Hovudstad Praha
Styresett
Republikk
Miloš Zeman
Bohuslav Sobotka
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
78 867 km² (115.)
2 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
10 177 300 (84.)
129 /km² (58.)
Sjølvstende
Delinga av Tsjekkoslovakia
1. januar, 1993
Nasjonaldag 28. oktober
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
261 500 mill. USD (43.)
25 600 USD (40.)
Valuta koruna
Tidssone UTC +1
Telefonkode +420
Toppnivådomene .cz


Den tsjekkiske republikken eller berre Tsjekkia (tsjekkisk: Česká republika eller Česko) er eit land på grensa mellom Aust- og Mellom-Europa, og er omgjeve av land på alle kantar. Det grensar mot Tyskland i vest, Austerrike i sør, Slovakia i aust og Polen i nord. Landet vart oppretta 1. januar 1993 og omfattar dei historiske landskapa Böhmen (tsjekkisk Čechy) og Mähren (Morava), i tillegg til ein liten del av Schlesien (Moravské Slezsko). Landet utgjorde fram til 1993 saman med det noverande Slovakia staten Tsjekkoslovakia. Tsjekkia blei med i NATO i 1999 og i EU i 2004.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå tsjekkisk geografi.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Tsjekkia har eit variert landskap, og er hovudsakleg delt inn i dei to områda Böhmen og Mähren. Böhmen i vest er eit område som vert drenert av elvene Labe (Elbe på tysk) og Vltava (Moldau på tysk), og er omringa av stort sett låge fjell som Sudetane. Krkonoše er ein del av Sudetane, og her finn ein det høgaste punktet i landet, Sněžka på 1 602 meter. Mähren, den austlege delen, er òg forholdsvis åslendt og vert hovudsakleg drenert av elva Morava, men elva Odra (Oder på tysk) har òg sitt utspring her. Vatnet frå Tsjekkia renn ut i tre forskjellige hav: Nordsjøen (Elbe), Austersjøen (Oder) og Svartehavet (Morava via Donau).

Tsjekkia har òg ein 30 000 m² eksklave midt i hamna til Hamburg i Tyskland. Denne vart gjeve til Tsjekkoslovakia av Artikkel 364 i Versaillestraktaten for å gje landet, som er omgjeve av land, ein stad å transportere varer ned elvene og vidare ut på havgåande skip. Dette området vert gjeve tilbake til Tyskland i 2018.

Klima[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Tsjekkisk geografi.

Tsjekkia har eit temperert kontinentalklima med relativt varme somrar og kalde og skya vintrar, vanlegvis med snø. Det meste av regnet kjem om sommaren. Sidan landet ligg langt frå hav er temperaturskilnadane mellom sommar og vinter forholdsvis stor.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Byar[endre | endre wikiteksten]

Store tsjekkiske byar er Praha, Brno (tysk Brünn), Plzeň (Pilsen) og Olomouc (Olmütz). Andre kjende byar er České Budějovice, heimstaden til ølsorten Budvar eller ekte Budweiser; Český Krumlov er ein vakker historisk by som står på UNESCO si verdsarvliste; Karlovy Vary (Karlsbad) og Mariánské Lázně (Marienbad) er gamle kurbad, Liberec ligg vakkert nedanfor Krkonoše. Ústí nad Labem og Teplice er industribyar nord i Böhmen, Tábor sør på den tsjekkiske høgsletta er ein historisk stad med minner frå Husittkrigen, og Znojmo ved grensa til Austerrike er ein naturskjønn jordbruksby med vidkjende vin- og agurkavlingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tsjekkia


Karlsbrua i Praha
Rådhuset i Stříbro viser typisk tsjekkisk byggjekunst.