Gubernija

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gubernija (russisk губе́рния) var eit stor administrativt inndelingsområde i Det russiske keisarriket, vanlegvis omsett som guvernement eller provins. Eit gubernija blei styrt av ein guvernør (russisk губернатор, gubernator), eit ord lånt frå det latinske gubernator som igjen kjem frå det greske kybernates. Uformelt kunne uttrykket «gubernija» også brukast om sjølve guvernørembetet.

Denne typen administrativ inndeling blei oppretta ved eit edikt frå Peter den store av 18. desember 1708, som delte inn Russland i åtte gubernija. I 1719 blei gubernijaa videre oppdelt i provinsar (russisk провинции, provintsii). Talet på gubernija auka seinare til 23.

Ved reforma i 1775 blei inndelingen i gubernija og vidare i ujezdar (russisk уезды) basert på folketal, og omgrepet «gubernija» blei formelt erstatta av det russiske synonymet namestnitsjestvo (russisk наместничество). Uttrykket «gubernija» blei likevel framleis brukt. Ein namestnitsjestvo blei styrt av ein namestnik (russisk наместник, direkte omsett 'fullmektig') eller generalguvernør (russisk генерал-губернатор). Embetet som generalguvernør hadde større administrativ makt og ein høgare posisjon enn det tidlegare guvernør-embetet. Nokre gonger styrte ein generalguvernør fleire gubernija.

Etter det russiske senatet sitt edikt av 31. desember 1796 blei embetet som generalguvernør degradert til det tidlegare guvernør-embetet, og Russland blei igjen delt inn i gubernija. Desse var delt inn i ujezdar , som igjen blei inndelt i volostar (russisk волость).

Etter Februarrevolusjonen blei guvernørtittelen endra til gubernijakommissær. Etter Oktoberrevolusjonen heldt ein fast ved inndelinga, men styreapparatet blei erstattet av gubernijasovjetar (russisk губернский совет). Den faktiske inndelinga av Sovjetunionen i territoriale einingar gjekk gjennom mange endringar, særleg i perioden 1918–1929. Til slutt, i 1929, blei dei tidlegare inndelingstypane erstatta av oblast, okrug og rajon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]